Forfatterforum

Et åpent forum for kommende og etablerte forfattere og agenter
Welcome to Forfatterforum Sign in | Join | Help
i Search

Søk;

Last post 04-27-2009, 0:56 by Amber. 1 replies.
Sort Posts: Previous Next
  •  04-22-2009, 11:09 2012

    • Akrit is not online. Last active: 13 Sep 2009, 6:32 Akrit
    • Top 25 Contributor
      Female
    • Joined on 03-22-2007
    • Stavanger
    • Wannabe

    Søk;

    Ein mann gjekk av toget. Han hadde augo som ein katt. Smale og gule. Dei stira rundt seg. Så falt dei gjenkjennande på meg. Han trakk den lange, mørke frakken betre rundt seg idet han gjekk mot meg. Eg såg rundt meg. Me var dei einaste på heile stasjonen. Det var som klippa ut frå ein kriminalroman. Tåka var tett, men ein kunne skimta månen langt der oppe. Toget ulte, og tøffa vidare i bakgrunnen. Men dette var inga kriminalroman. Dette er røyndomen. Eg sto stille mens den mørkkledde mannen kom nærmare og nærmare meg. 

    Augo mine var sprengskotne. Men ikkje raude, dei blir aldri raude. Dei rant ustoppeleg etter den lange natta. Søk etter søk på weben. Men ingen resultat. Akkurat som alle nettene dei tre siste vekene. Saumlause. Det begynte å bli vanskeleg å fylja med på skulen. Augo ville berre ikkje holda seg opne. Men eg var bestemt. Så kvar einaste natt satt eg der føre skjermen. Skrolla nedover side etter side. Men kvar natt blei ein skuffelse. 
    ”Du skal eta opp den porsjonen om det så er det siste du gjer.” Mor var sint i dag. Det låg eit brev frå læraren på bordet. ”Etter at du er ferdig skal du rett opp og gjera leksene dine.” Eg nikka der eg satt og gomla i meg joika bollar. Ho visste jo ikkje kva eg hald på med på rommet mitt. ”Berre så du veit det så har eg stengd av internett og. Eg skjønar kva du hald på med kvar natt. Og det skal det bli ein slutt på.” Haka mi glapp. Sjekka hu kva eg gjorde på nettet og nå? ”Kvifor klagar du på kva eg gjer? Det er jo di skuld. Viss du berre…” ”Hald kjeft. Berre gå opp på rommet ditt nå. Eg vil ikkje servera ein så ulydige gut.” 

    Regnet piska på vindauge. Det gjorde det vanskeligare å høyra lydar frå mors rom. Men ikkje umogeleg. Eg såg bort på den digitale vekkarklokka mi. Dei raude tala viste 01.23. Det var ein time sida mor gjekk å la seg. Hu ville ikkje vakna så lett no. Eg drog av meg dyna og henta den litle sekken under senga. Så skauv eg vindauget forsiktig opp. Eg hadde fått mor til å investera i ein branntrapp for nokre år tilbake, og no kom vinninga for det. Eg sprang over den gjørmete hagen, og med eit lett hopp over hekken var eg ute på gata. Eg var gjennomblaut allereie, og vinden og regnet piska og reiv i meg. Typisk, tenkte eg der eg gjekk og subba. Gatene rundt meg var tomme. Kem ville vel bevega seg ut på ein sånn natt. Men eg hadde inkje val. Eg måtte vita. 

    Eg satt og skalv inni det litle skuret. Eg hadde måtta gått for andre valet mitt, biblioteket var stengd. Kvifor kunne ikkje dei dumme politikarane investera i døgnopent bibliotek? På grunn av det måtte eg sitta i et gammalt skur utanfor skulen, på verdas tregaste nettverk. Men det var jo betre enn inga nettverk. Dumme mor. Kvifor ville ho ikkje at eg sko vita? Ho sa alltid at det var til mitt eige beste. Men kva veit vel ho om kva som er best for meg? Ho gjer jo alltid akkurat det motsette. Eg skrolla nedover mens eg sendte sinte tankar. Den evige søkinga blei avbrott av ein lys og pipande lyd. Alarmen. Klokka var 6.

    ”Eg køyrer deg til skulen i dag. Læraren din ville snakka med meg andlet til andlet.” Eg hald på å setta mjølka fast i halsen. Var ho blitt tankelesar no? ”Sjefen skjønte at eg måtte setta sonen min føre arbeide. Ho har ein gut på same alder.” Mødrer. Eg var sikker på at dei eigentleg var ein hemmelig organisasjon satt ut i verda for å gjera livet surt for barn i adle aldrar. Vel, dette øydela heile planen min om å sei at eg var sjuk på skulen og gå rett heim igjen for å ta igjen litt av all den tapte søvnen. Mens eg satt der og prøvde å klekka ut ein ny plan, ringte telefonen. Mor gjekk bort for å svara. Ho stira hardt på meg gjennom heile samtalen. ”Det var læraren din som ringde. Ho har blitt sjuk og lurar på om me kan møtas ein anna dag.” Eg greidde heldigvis å skjula det store gliset som ville kjempa seg fram i andletet mitt. ”Så leit. Var det noe alvorleg?” Ein vikar ville bli så mykje lettare å overbevisa. ”Nei, ho sa ho ville vera tilbake om nokre dagar. Men eg skal køyra deg likevel, så gjer deg ferdig.”

    Vikaren hadde virka som om han aldri hadde vore i eit klasserom før, og slapp meg lett heim som sjuk. Etter ein heil dag med søvn var eg klar for nye søk i natt. Alt gjekk som smurt, og glattare enn ein barnerumpe. Mor hadde vore utslite etter arbeid òg, så ho la seg tidligare enn vanleg. Klokka 23.57 satt eg i det litle skuret utanfor skulen. Eg fraus ikkje, for det hadde vore opphald heile vegen. Temperaturen var faktisk ganske mild. Ein siste sommarnatt før den kalde vinteren tek grep, tenkte eg mens eg skrolla nedover sidene. Så plutselig såg eg det eg trudde eg aldri skulle få sjå. Dei to orda eg hadde lett etter i fleire månadar. Eg kunne ikkje tru det. Der sto dei, svart på kvitt. Ein tåre glapp frå dei smale, gule augo mine.

    Han kjem no. Eg høyrar toget, sjølv om eg ikkje kan sjå det i den tykke tåka. Lyden blir sterkare og sterkare. Hjartet mitt slår hardare og hardare. Ein mann kjem av toget. Han har ein lang, svart frakk og hatt. Han ser akkurat ut som ein detektiv frå gamle dagar. Heilt til augo hans ser mot meg. Dei smale, gule augo ser tilbake på meg som et spegel. Det er inga detektiv som går av toget i natt. Far min gikk av toget i natt.

     

    Bare en liten ting, er klar over at det er en billiard nynorsk feil, så jeg vil heller ha tilbakemelding på selve teksten^^
  •  04-27-2009, 0:56 2019 in reply to 2012

    • Amber is not online. Last active: 21 Dec 2011, 8:06 Amber
    • Top 10 Contributor
      Female
    • Joined on 07-14-2008
    • Bergen
    • Forumist

    Re: Søk;

    Du stiller mange spørsmål i novellen, men gir veldig få svar, annet enn at det er faren som kommer av toget. Du bygger opp historien på en måte som gjør at jeg forventer å få flere svar og blir skuffet når de ikke kommer. 

    Amber  


    as if a person needed idleness in which to grow peculiar.
View as RSS news feed in XML
Powered by Community Server, by Telligent Systems