Forfatterforum

Et åpent forum for kommende og etablerte forfattere og agenter
Welcome to Forfatterforum Sign in | Join | Help
i Search

Får du lyst til å veta meir om hovudpersonane mine?

Last post 08-23-2008, 12:11 by Amber. 6 replies.
Sort Posts: Previous Next
  •  08-17-2008, 12:41 1667

    • orakel is not online. Last active: 08-19-2008, 10:56 orakel
    • Top 50 Contributor
      Female
    • Joined on 08-17-2008
    • Oslo
    • Wannabe

    Får du lyst til å veta meir om hovudpersonane mine?

    TRØNDELAG, HAUSTEN 1940

    Dagny har akkurat fordelt høyet rundt på forbrettet. Ho finn krakken og bøtta si og går inn i båsen til kua. Set seg og lener skallen mot sida på det store dyret. Dreg i pattane. Dei første strålane med mjølk sprutar ned i den gamaldagse trebutten. Han har nok ikkje tenkt å bruke pengar på meir moderne og reinslege mjølkekar, bonden på Glenne. At det går an å bli så gjerrig. For tusende gong blir ho sitjande og spekulere på korleis i all verda ho skal koma seg herifrå. Det er stor skam å slutte i teneste før tida. Vanskeleg å få arbeid etterpå, ryktet går framfor ein som ei ond ånd. Ingen vil ha ei som kan koma til å gjera dei i beit. Og så er det mor. Ho treng pengane ho sender kvar månad. Er ikkje så mykje å bruke dei på her, akkurat. Kost og losji har ho, og butikkar finst ikkje. Sidan juni har ho ikkje vore av garden. Det var meininga ho skulle vera på setra ei stund i sommar, men så vart det ikkje noko av. Kjerringa sjøl reiste dit. Tora såg så glad ut da ho tok i veg. Ja, takke ***, så kunne fjøshjelpa sita att her med slitet både i innhus og uthus. Og den helvetes gubben. Ho hatar han.

    Ho tek seg god tid med arbeidet. Sit i den duvande freden blant varme kukroppar og kvir seg for resten av kvelden. Arbeid, arbeid og arbeid. Og til sist søvnløysa og lyinga etter stega i trappa. Kor lenge er det sidan ho sov ei heil natt? Søvnen ho aldri får brukt opp ligg som ei ullen skodde i skolten på henne dagen igjennom. Får henne til å sleppe ting, snuble når ho går og skjelve når ho legg hendene i fanget ein sjeldan gong. Ein dag skal ho gjera opprør. Ho kjenner det raude hatet som aular rastlaust gjennom kvar bidige trevl i kroppen, får kjevene til å verke og nevane til å klemme hardt rundt kvar einaste ting ho tek i.

     

    Det er seinhaust og sørpete ute. Det stinkar av møkk da ho går ut frå fjøset, dei har køyrt ut gjødsla på jordet på sørsida. Oppe ved innhuset står det ein bil. Er vel han karen som var her førre dagen, som vart beden inn i finstua og fekk kaffeservering og dram. Sjøl måtte ho halde seg på kjøkkenet. Var vel ikkje fin nok. Ho høyrde dei prata lågmælt der inne. Skratta ein gong iblant. Til og med Tora, ho som aldri ler elles. Ja, du. Det er ei merkeleg kjerring. Mager og herja i fjeset, tynn som ei fjøl. Og snill på ein måte, ho masar aldri. Snakkar nesten ikkje i det heile tatt. Går som ein skugge gjennom romma og ser ut som ho helst ville ha vore ein annan stad.

    Fin bil. I skinet frå utelampa blenkjer det i ratt og dørhandtak inni kupeen. Seta er raude. Ho blir ståande litt og sjå på vidunderet. Så fin ein doning har ho aldri hatt skyss med. Mannen må vera rik. Og ikkje så gjerrig som bonden her på på Glenne. Her går det i hest og kjerre. Eller slede, på vinterstid. Har ikkje innlagt vatn heller, her. Tre gonger for dagen må ho bort i brønnen med to digre bøtter. Ho har stelt seg dårleg. Hamna på den mest gamaldagse garden i heile bygda. Det såg så fint ut i annonsa, men det meste var løgn. Veninna hennar tener dobbelt så mykje og har fri annakvar laurdag og kvar einaste sundag og kan ta karbad kvar helg. Og så slepp ho vel besøk av bonden på rommet sitt om natta. Eller i fjøset om morgonen. Eller på låven på ettermiddagen. Gud, kor ho hatar. Ho mister pusten når ho står slik og verkeleg gjev seg over til kreftene i det. Raseriet lammar henne. Ho hatar så ho kunne drepa alle som har det bedre enn henne. Veninna au, somme gonger. Alle som kan stå opp om morgonen utan å vera tilskitna og sundslegne, slepp å stinke av skam og sinne. Det blir vel nesten heile verda, det. Kan ikkje finnast mange slike møkkajenter som henne.

    Ho stryk forsiktig over det svarte panseret på bilen. Ein så vakker ting. Fullkomen. Til å frakte folk bort i. Tenk å kunna setja seg inn, ha pengar i veska og berre ta vegane fatt. Vera fri.

    • Syns du han er fin?

    Ho kvepp så ho nesten slepper spannet med nysila mjølk. Stemma er like inntil, like bak henne. Mjuk, venleg. Yngre enn ho har tenkt seg

    •  Lyst på ein tur, kanskje?

    Akkurat, ja. Han er av det slaget. Freidig og frekk. Rik og verdensvant. Ho, gardtausa, fattiglusa, skal liksom berre bli med så fort han knipsar med fingrane. Nei, nokon tur er ho ikkje huga på. Kunne ikkje falle henne inn, bil eller ikkje bil. Ho ser på han. Han er kledd i dress og hatt. Mørk, litt høgare enn henne. Eit forsiktig smil, skeivt, som om den eine munnvika er gladare enn den andre. Blikket hennar fer forskande over ansiktet under hattebremmen. Augo møter kvarandre inni skuggane der.

    • Uff, det var dumt spurt. Unnskyld. Sjølsagt vil du ikkje bli med på tur med ein vilt framand mann. Men det såg verkeleg ut som du drøymde deg langt bort der du stod. Ikkje så lysteleg å vera her på Glenne, kanskje?

    Han kastar på hovudet mot det dimme ljoset som siv ut gjennom kjøkenglasa.

    • Ikkje akkurat artigaste selskapet for ei ung jente som deg, dei to inne der?

    Ho svarar ikkje, det er akkurat som orda set seg fast i halsen på henne, det er tjukt og trongt langt nedi bringa. Ho er ikkje van med å prate med folk. Her har ho gått sidan tidleg på våren, som den einaste ungdomen, den einaste jenta, alle dei andre som arbeider på garden er dobbelt så gamle som henne, sveitte, grovslegne karfolk som går og stampar humørlause og tunge rundt henne. Glenne er ei verd for seg. Ei grå, ordlaus, brutal verd ein gong ikkje krigen bryr seg med å stikke innom.

    Ho snur seg plutseleg og vil gå, men han gjev seg ikkje:

    • Du ser så trist ut. Sikker på at du ikkje vil vera med og kjøre ein tur? Berre for å sleppe frå litt?

    • Eg kan ikkje det, kan du vel skjøne. Eg er i fjøskleda, og eg har arbeid som ventar inne. Eg vil ikkje heller, sjøl om det...............

    Nei, ho må inn, før ho byrjar å grine. Han er det første mennesket som har snakka venleg til henne på lang tid, men samtidig har ho har ei kjensle av at han ser rett inn i henne, ser skiten, kjenner stanken av fornedring gjennom eimen av fjøs. Han høyrest snill og oppriktig ut. Det slår henne rett i marka. Ho står og vrir seg i skamma ho går og ber på, den ligg som eit laken rundt henne, eit likklede over det ho har vore ein gong. Om det berre hadde vore ljos nok ville han sett kor stygg og ekkel ho er.

    • Sjøl om kva da?

    • Sjøl om det kunne vore freistande å koma seg frå denne helvetes plassen, seier ho hardt.

    • Kva som helst ville vore bedre enn å vera her. Men eg er ikkje dum. Trur du verkeleg eg innbiller meg at eg er fin nok til å sitja i den flotte bilen din?
    • Ja men det er du da. Om eg får lov til å seia det, så er du den penaste jenta eg har sett.

    • Pøh, slikt tullprat bit ikkje på meg, må du tru. Du har ikkje sett meg i dagsljos ein gong.

    • Jau da, men du såg nok ikkje meg. Eg var innom fjøset her ein morgon, leitte etter han Bendik. Du var så oppteken med å fore grisane. Du såg lei deg ut da au. Eller sint, eg veit ikkje heilt. Pen er du i alle fall.

    Ho vrir seg der ho står, har mest lyst til å forsvinne ned i bakken. Berre det ikkje var den morgonen ho slo sund fjøslykta i morderisk sinne, den morgonen han Bendik kom inn i båsen medan ho dreiv med mjølkinga, den morgonen skjørtet hennar var fullt av kumøkk og ho hadde raudflamma slagmerke på kinnet og............................den framande veit ingen ting om korleis det er å vera henne, han med den fine dressen og bil som nesten ingen har råd til, ikkje storbøndene ein gong, kva veit han om korleis det er å..............

    • Og eg er ikkje rik, om det er det du trur, seier han, som om han svarar på dei stumme anklagene.

    • Eg veit alt om korleis det er å måtta træle for storfolka, finne seg i nykkene deira og late som ein er dum. Men eg har vore heldig og fått meg godt arbeid. Krigen, veit du, den snur litt opp og ned på ting.....................men du, er dei ikkje snille med deg, han Bendik og ho Tora?

    Han er borte ved førarsida på bilen, opnar døra, ser vedhaldande på henne, ho står tafatt og fylgjer han med blikket, finn ikkje noko å svara, med eitt er alt ei einaste skodde, ho kjenner ansiktet sitt blotne, ho svelgjer og svelgjer.

    • Eg kjem att seinare i veka, eg, seier han. - Og da skal eg koma midt på dagen. Da kan du vel bli med? Berre ein liten tur?

    • Kanskje, seier ho og smiler takknemleg fordi han overser stakkarslegheita hennar.

    • Hvis eg har tid, så. Og hvis eg får lov.

    • Visst får du lov. Det skal eg syrgje for. Leva vel, da.

    Ho lyfter eine armen til eit lite vink idet han set seg inn og startar motoren. Billyktene sveiper over henne da han svingar bilen rundt på tunet. Så merkeleg. Det er akkurat som om det syng litt inni henne ein stad. Vemodig, som den finske sangen ho høyrde på radioen her om dagen. Ho kjenner seg lett og tung på same tid. Ljoset forsvinn nedover alleen, og ho går inn i mørkret i den nedslitte svalgangen.

    Tora er aleine i kjøkenet. Ho glyttar så vidt på henne. Det beinete andletet er nysgjerrig.

    • Så lenge du vart, seier ho med den flate røysta si. - Det står bra til i fjøset, vel?

    • Ja da. Men Staslin mjølkar nesten ikkje lenger.

    • Snakka du med han Sigvart?

    • Han kroppen som var her? Ja, så vidt. Heiter han Sigvart?

    • Ja. Kjem frå Namdalskanten, trur eg. Fer rundt og kartlegg motstandsviljen blant folk rundt på bygdene, sa han. Vart dei mange nok, skulle dei ta kverken på tyskerane, meinte han. Det skulle vera så hemmeleg, så eigentleg har eg vel ikkje lov til å tala om det for deg. Men du er nå av husets folk, på ein måte. Han lurte på om det fanst våpen au, etter mobiliseringa, veit du. Det var mange som melde seg på Rinnleiret og fekk utdelt uniform og våpen, men det vart ikkje noko særleg til kriging på dei. Så tok dei vel med seg utstyret heim att, og det var det. Høh, ja , det var noko til krig. Til og med han Bendik reiste innover, like før våronna og all ting. Gamle kroppen. Men dei sende han heim att, heldigvis. Var like før du kom til gards, det.

    Tora har teke fram bundingen sin, nå sit ho og legg opp masker til eit erme på ei trøye. Ho er lynrask med strikkepinnane, dei knudrete, magre fingrane får dei til å gå som trommestikker.

    • Han Sigvart’n. Pass deg for han. Eg sa det til han Bendik au, eg, at han der er ikkje all der han er sedd.

    • Korleis da?

    • Berre ei kjensle eg har. Bendik skratta berre av det, men..........

    Meir blir det ikkje sagt. Og for ein gongs skuld blir det ein litt triveleg kveld. Tora og ho sit med bøting og strikking og høyrer på musikk i radioen, og Bendik viser seg ikkje.

    • Eg trur han fekk seg litt for mange drammar, eg, seier Tora. - Ja, aldri så gale så er det godt for noko, legg ho til med blikket nedgrave i bundingen sin.



    Slaktaren kjem. Det fylgjer trivnad med han, merkjeleg nok. Han går rundt i det flekkete forkleet sitt, fortel historier og ler. Når han ikkje kakkar grisar i skallen eller gjev dei ei kule, sjølsagt. Da er han dødsens alvorleg. Det luktar blod, kokande vatn og skolda grisehud. Dampen står som ei sky mot den klare lufta. Novemberhimmelen orkar nesten ikkje å bera ljoset lenger, stadig skiftar det over i grått eller raudt. Trea står som nakne ståltrådklaser mot tidlegfrosten. Bakken er knudrete av snøberr tele, i nepeåkeren har haugane med gras gjeve frå seg den siste sneven av råtna sommar.

    Det kunne ha vore ein god dag, sjøl om ho er aleine om arbeidet inne. Men ho veit at det ikkje blir det. Tora har reist til syster si i Namsos, som ligg sjuk og er heilt aleine.

    Det er sein formiddag. Ho står i kjøkenet og rører i blodet så det ikkje skal levre seg. Den svarte, store omnen gjev frå seg ein intens varme. Ho sveittar. Ute i garden høyrer ho karfolka skratte. Ho håpar slaktaren blir til middags, så slepp ho vera aleine med Bendik. Det er det verste av alt, å sitja der og eta, taust og toeine, ho og han, medan ho stålset seg for teikna ho har lært seg kjem i førevegen: den raude hamleten hans, den tunge pusten, augnekast med både lyst og forakt i, dei store hendene som stadig er nede i skrevet på han, heilt åpenlyst, medan han SER på henne, trassig liksom, gnukkinga mot benken, som om han øler opp seg sjøl.

    Ho prøver å tenkje på han som ein stakkarsleg, vesal mann. Ikkje er han pen, og ikkje er han spesielt intelligent. Tvert imot. Ho har høyrt han saman med arbeidsfolka, kor dummme ting han kan få seg til å seia. Ho har sett fliren hjå dei andre.

    Dei har ikkje barn, Bendik og Tora. Det er derfor alt er til nedfalls her. Alt er kjærleikslaust og kaldt, liksom. Ufruktbart.

    Ho ser på klokka på veggen. Halv eitt. Og uti garden er det blitt heilt stille. Er dei alt ferdige da? Ho går bort til glaset og ser. Bendik driv aleine med eitt eller anna nede ved slaktebenken. Den butte skikkelsen er treg i rørslene, som om han har tankane ein annan stad.

    Ho dreg pusten djupt ned i magen. Stengjer av. Rører i blodet. Så raudt det er. Med svart i. Det luktar som ingen ting anna. Varmt, fortetta, nesten kvalmande. Ho skal lage blodklubb av det. Og blodpølse.

    Så er han der. Bak henne, i døropninga. Ho snur seg ikkje, men står som på nåler og lyer til kvar rørsle han gjer: Stega hans over golvet, nærare og nærare, før dei stoppar ved vassbøtta som står på krakken ved kjøkenbenken, han ausar opp vatn og drikk, slurpar, pustar ut. Turkar munnen mot busserullermet, sparkar av seg dei møkkete støvlane ved svartomnen – kvifor kan han ikkje setja dei i svala før han går inn? Nå blandar den skarpe lukta av fotsveitte seg med alle dei andre eimane som alt finst i det lumre kjøkenet.

    • *** kor godt det hadde vore med ein kaffekopp nå, seier han bak henne, han høyrest  nesten ufarleg ut, pusten er jamn, å, kor var ho er for den pusten. Han tek ein sving forbi henne og bort til glaset, ser ut, står med ryggen til med hendene i lommene.

    • Men kaffe finst det vel ikkje i huset, held han fram.

    • Nei, Tora skulle prøve å få tak i i Namsos. Så til ho kjem att, får vi klare oss utan.
    • Ja, ja. Vi får kose oss som best vi kan. Utan kaffe.

    Han snur seg, ho kjenner augo hans på seg.

    Snart, tenkjer ho medan knokana kvitnar rundt tvara ho har i handa; snart tek han i henne, slik han plar, som om ho er noko han eig, ein matrett han plukkar fram frå eit skåp og forsyner seg av.

    • Ikkje sant? Vi kan kose oss likevel, du og eg? Heh? Betre enn kaffe au, det du har under flyssa di.

    Han stryk henne over baken, klyper, ler den ekle, lystne latteren som liksom berre rislar ut mellom tennene på han.

    Hat, hat, hat.

    Ho har mest lyst til å skrike, slå han med tvara, sleppe blodkaret ned på dei ullsokkstinkande føtene hans, dytte han baki svartomnen og den hissige varmen der, men det kjem berre som eit lite fuglepip opp gjennom halsen på henne:

    • Nei, vær så snill, ikkje…………..

    • Å, du likar det så godt, at.

    Han triv den høgre handa hennar, tvara forsvinn ut av neven og druknar i alt det mørkeraude blodet, det sprutar, ein dråpe landar i ansiktet på henne, renn nedover kjaken, halsen, forsvinn innafor blusekragen. Han tvingar armen bakover og fingrane hennar rundt det harde kjønnet sitt.

    • Og han her likar det enda bedre. Berre kjenn. Heh? Kjenner du kor godt han likar det?

    • Nei, nei, eg vil ikkje, jamrar ho, - eg må røre i blodet, det størknar, vær så snill…………

    Men han er ustoppeleg, pusten går som ein blåsebelg bak henne.

    Skjørtet han dreg opp og underkleda han dreg ned. Neven på ryggen som tvingar henne til å bøye seg framover bordet. Dei kalde hendene som grafsar, får huda til å nuppe seg og alt i henne til å krympe saman til ein svart klump. Ho spenner alle musklar, prøver å

    gjera seg ugjennomtrengjeleg. Det blir enda vondare da, men ho kan ikkje anna. Korleis skal ho leva med seg sjøl om ho prøver å gjera det lettare for seg å stå ut?

    Den blå himmelen utom glaset. Den stramme lukta av blod. Dei jagande rørslene hans. Hendene som klemmer og klyper i brysta, før dei flyttter seg nedover ryggen og tek tak rundt skinkene, ho kjenner det stirrande blikket hans mot den sprikjande nakenheita si, dei små, heslege grynta han kjem med, klyser med sikkel som landar på korsryggen, dei brautande støyta inne i henne, harde og vonde, han luktar sveitte og slakt og surna manndom, ho prøver å tenkje på ingen ting, blå himmel og varmt blod, bit tennene saman, ein dag skal ho drepa drepa drepa, det kan ho tenkje på; ho sjøl som slår med ein stein mot hovudet hans.

    Han støyter og støyter, men blir ikkje ferdig. Rasande snur han henne rundt, løfter henne opp på bordet og tek tak i låra hennar, bryt dei frå kvarandre, ho må bite tennene saman for ikkje å skrike, han dreg henne fram på bordkanten så ho får den i korsryggen og trur ho skal brekke i to. Ein slags framand dur høyrest utanfor, eller kanskje er det inne i hovudet på henne, midt i all smerta undrar ho seg, blir avleda, det lindrar, nokre sekund før det blir stille att. Klokka slår eitt. Bendikdjevelen står og dreg i seg sjøl, ho let att augo, han slår henne hardt på kjaken, du skal sjå, gaular han, sjå her, ditt ludder, ho stirer blindt, handa hans har tak i håret og dreg så ho kjenner det slitne, det svir og brenn. Plutseleg græt ho, nei, remjar, som eit lite, skrekkslege barn, eit digert skrik losnar frå strupen, rasar mot det forvridde ansiktet over henne som brøler avsindig da han endeleg gjer seg ferdig.

    Ho veit ikkje kvar ho får kreftene frå. Føtene hennar fer ut som slegger og treffer han midt i magen , han ramlar bakover, det ser grotesk ut, den breie kroppen med buksene nede på anklane som treffer golvet, ho møter det rasande blikket, nå kjem han til å drepa henne, ho kjem seg ned av bordet, det renn nedover låra, gjennom ei blodraud skodde kjenner ho den emne lukta av seg sjøl, ved omnen ligg det ved, ho triv ei stikke og lyfter den, klar til slag.

    Han ligg på rygg på golvet og dreg på seg beinkleda. Løfter hoftene opp får å få dei over baken. Det slappe kjønnet ligg som ei blaut, diger åme i hårklasen under den store magen hans, midt i glaninga på henne, ekkelt, ekkelt, ekkelt, ho er klar til å slå han i hel da dei høyrer det går uti svala.

    Fort som eit lyn kjem han seg opp. Ho måper. At han kan vera så rask, da, så tung som han er. Han set augo i henne, styggblikket, ho trekkjer seg innover i rommet, bak omnen, inn i kroken der vedkassa står, set seg på den, maktstolen sit ho og høyrer det kakke på døra og Bendik som går og læt opp.

    Det er han framandkaren frå førre kvelden. Sigvart. Ho høyrer dei snakke saman ute i gangen, Bendik ber han vel ikkje inn - såpass skamvett har han vel, i alle fall? Kjære Gud, ikkje la han koma inn…………………

    Men nei. Du kunne nå berre tru det.

    • Du får koma inn, så får vi sjå på det, høyrer ho Bendik seia, han høyrest heilt kvardagsleg ut. - Men vi får stå over kaffen, har hatt slaktar i dag, og kjerringa er bortreist, så innetausa har nok med sitt.

    Dei må forbi henne for å koma inn i stua. Ho vil reise seg og koma seg bort til blodkaret som står på kjøkkenbordet slik at ho kan få snudd ryggen til dei, men ho er for sein.

    Bendik sender henne eit strengt blikk da han kjem rundt omnshjørnet og ser henne sitja der tafatt, framleis med vedskia i neven.

    • Nei, men sit du her da, seier han, - korleis skal det gå med blodklubben min da, tru? Du må røre i blodet, Dagny, elles blir det sveltihel på oss til vinteren.

    Stemma er lett, spøkefull, liksom, han går forbi henne, opnar den tunge døra inn til stua og stegar inn dit. Sigvart kjem hakk i hel, ser granskande på henne idet han går forbi, men seier ingen ting. Herregud. Ho er raud av skam, og veit ho har blod i andletet og sikkert ser ut som ein av dei forvirra stakkarane på tullhuset lengst inne i dalen

    Sigvart læt att døra etter dei. Ho høyrer dei romstere med stolane ved spisebordet, Bendik som ler av eitt eller anna, den knirkande lyden når han opnar døra i roskåpet og hentar glas og dram.

    • Ikkje til meg, eg køyrer, høyrer ho Sigvart seia.

    • Å, du er nå vel såpass til karfolk at du klarer å kjøre med ein liten ein innabords?

    • Nei takk. Eg er ikkje så huga på det sterke at det gjer noko, eg. Og hvis vi skal gjera ei avtale, er det best å vera edru, syns du ikkje det?

    Dagny godtar seg – han iretteset Bendik! Ho har framleis ikkje fått summa seg til å ta fatt på arbeidet att, men nå reiser ho seg uvillig, blodet kan ikkje vente lenger. Men først tek ho ein snu bortom vaskestellet i hjørnet bak kjøkendøra, slår vatn i fatet,bløyter kluten som heng der, dreg han over det grøne såpestykket, vaskar ansiktet med korte, harde rørsler før ho løftar opp skjørtet og tørkar av seg stanken av Bendik som best ho kan. Etterpå vaskar ho seg grundig på hendene. Ho tør nesten ikkje sjå inn i den vesle spegelen som Tora har hengt opp på veggen, kastar berre eit raskt blikk dit og konstaterer at den mørkeraude strima på kjaken i alle fall er borte.

    Ho får opp tvara frå bloddjupet, tørkar av skaftet og rører med kraftige, jamne tak. Rører og rører medan ho lyer etter stemma til Sigvart der inne i stua. Men det er berre ei svak mumling der nå.

    Da dei kjem ut att til henne, passar ho på å stå med ryggen til. Men ho kjenner augo til Sigvart på seg idet han går forbi, høyrer dei lette stega hans bak seg, dei stoppar nesten – ein augneblink er ho sikker på at han vil seia henne noko, ho kjenner hjartet sitt utanpå, rører og rører, den raude massa går i ring nede i karet, Bendik tek på seg støvlane, at to karfolk kan vera så ulike, den eine så stygg og møkkete og hesleg, den andre rein og pen , mjuk i stemma og…………………

    • Så. Da får vi ta ein tur i fjøset, da, seier Bendik. - Så får du sjå med eigne augo kva som finst der. Det er nå ikkje så mykje, berre nokre gamle børser og eit par-tre våpen karane på Røyse la att her. Fekk dei utdelt ved mobiliseringa, trur eg. Vi tenkte det var best å samle alt på ein plass, i tilfelle det vart bruk for dei.

    Sigvart svarar ikkje, han er alt ute i gangen, på veg ut. Bendik går etter, døra slår i. Plutseleg er ansiktet til Sigvart utanfor kjøkenglaset. Ho ser rett inn i det, han smiler litt, jøss, så pen han er! To sekund. Så er han borte. Bendik stryk forbi der ute, klumpete, grov og uflidd, han set den møkkete snipplua på hovudet medan han stabbar etter Sigvart nedover mot fjøset.

    Og borte blir dei, ei god stund. Dagny går ukonsentrert til og frå med arbeidet, gjer seg ærend bortom glaset rett som det er. Bilen står ute i garden enno. Ikkje at ho innbiller seg noko. Han er altfor fin for henne. Dessutan er ho utskjemd. Kan ikkje vente seg noko av skikkelege mannfolk, ho, det er berre å slå frå seg slikt.

    Klokka tikkar på veggen, snart må ho i gang med middagen. Det blir fersk blodklubb i dag, det er så greitt med det.

    Sigvart kjem ut att frå fjøset. Einsleg. Dagny står gøymd bak gardina og følgjer han med augo der han går opp mot bilen med raske steg. Forundra ser ho at han er sint og oppskaka. Ja, han Bendik får det til, han kan erte på seg ein stein om så er. Eg håpar du gav han inn, kviskrar ho uti lufta. Sigvart rettar på slipset, det svarte håret er i uorden, han dreg handa fort gjennom det, okslar seg, stoppar ved bilen og er på tur til å opne døra da han plutseleg stoppar. Tenkjer seg om, ser tvilrådig mot kjøkenglaset, og med eitt er han på veg inn i svala. Ho gjer seg travel med å leggje i omnen. Sit på huk og blæs på glørne da klinka går ned og døra blir opna bak henne.

    • Du skal vera med meg du, nå, kjem det stuttpusta frå han borte ved døropninga.

    • Berre pakk det aller nødvendigaste, så……..

    • Hæh?

    Måpande reiser ho seg og snur seg mot han. Ho må ha høyrt feil.

    • Vera med deg - pakke? Kva i alle dagar er det du meiner?

    • Akkurat det eg seier. Skund deg, eg……………

    • Du er ikkje lite frekk! Kva i alle dagar er det som får deg til å tru at eg vil bli med deg? Og kva trur du Bendik vil seia? Herregud, eg er midt i eit arbeid her, eg kan ikkje berre fordufte, eg er tenestetaus, for søttan!

    Som ved eit trylleslag er han heilt inntil henne, triv henne i armen, dreg henne mot seg. Augo deira møtest, som hypnotisert ser ho inn i eit blikk som både ber, insisterer, fortviler og forlangar på ein gong.

    • Vær så snill………………….kva heiter du, forresten?

    • Dagny, glepp det ut av henne.

    • Dagny, høyr på meg. Eg såg kva han Bendik gjorde med deg. Og nå har eg……….

    Å nei. Ansiktet hennar skrukkar seg av skam, ho vil rive armen til seg, flytja seg unna blikket hans, men han held henne fast.

    • Eg såg det gjennom glaset da eg kom. Eg høyrde du skreik. Det skriket, det………Du skal vera med meg burt frå her, ingen skal måtta finne seg i slikt. Eg kan køyre deg heim til kor du nå kjem frå………kor kjem du frå?

    • Steinkjer.

    Ordet kjem som eit medvetslaust gulp ut av munnen hennar, sjokkert stirer ho på han med tømt blikk, men tvers gjennom fornedringa kjenner ho kreftene som strøymer frå han, ein slags energi som fangar henne inn, eit sinne som set ting på plass; fjernar skamma frå henne og legg ho over på Bendik.

    • Dagny, det er ikkje di skuld. Du har ikkje gjort noko gale. Men du må bli med meg, for…………………altså, eg er redd eg vart for hardhendt med han Bendik, han ligg nedi fjøset, eg veit ikkje om………

    • Hardhendt? Korleis hardhendt?

    • Kan du ikkje berre bli med - så skal eg forklare alt saman? Vi kan ikkje vera her, korkje du eller eg, det kan koma folk hit, eg…………….

    • Kjem nesten aldri folk hit, seier Dagny sløvt. - Men Bendik kjem til å……….

    • Den djevelen kjem ikkje til noko som helst på ei lang, lang stund, seier han hardt.

    • Kan du ikkje berre lite på meg og bli med? Ta av deg forkledet nå, og så går du og pakkar sakene dine, så ventar eg på deg her.

    Han set seg på ein krakk ved bordet, kastar raske blikk ut gjennom glaset, finn fram ein sigarett, bankar tuppen av han lett mot bordplata, strekkjer seg over mot omnen og dreg av ein fyrstikk. Tenner og tek eit djupt drag. Røyken står som ei sky rundt han. Det luktar godt. Ordentleg tobakk. Nervøst ser han på henne der ho framleis står handfallen midt på golvet. Ingen av dei seier noko, det går nokre ævelange sekund. Med eitt reiser han seg og kjem bort til henne att.

    • Nå går eg ut i bilen. Eg ventar i ti minutt. Kjem du ikkje, må eg berre reise, og vil du melde meg til politiet for det eg har gjort han Bendik, må du berre det om du finn det best. Eg klarer meg nok. Men eg vil du skal veta at eg gjer dette utan baktankar, du kan stole på meg, eg vil berre ha deg bort frå her, heim til familien din, eller ein annan stad, om du heller vil det, du kan bli med meg til Trondheim, så skaffar eg deg jobb der, men vi må skunde oss. ***, eg blir skitnervøs av å vera her, eg……………….

    • Men eg kan ikkje heim - kva vil folk tru? Reise frå tenesta slik, koma heim att som ein annan stakkar, utan pengar og……………. og Trondheim? Det er nå vel ikkje berre å knipse med fingrane, så dukkar det opp ein jobb utav lause lufta. Du veit ikkje korleis det er, du, det…………

    • Jau, Dagny. Det er det eg gjer. Vel, ikkje akkurat korleis det er å bli utsett for det Bendik gjorde mot deg, men eg veit korleis det er å vera fattig, bli trakka på, vera avhengig av skitstøvlane som aular og krek over alt. Og dersom du vil, kan eg snakke med foreldra dine, forklare dei…………

    • Nei, det må du ikkje!

    • Det blir alltid ei råd, i alle fall. Så, nå går eg ut, så kjem du innan ti minutt. Hvis ikkje, reiser eg. Greit?

    Ho nikkar stumt.

    Da han læt att døra etter seg, blir det så stilt og einsamt der inne i kjøkenvarmen at ho nesten vil kjøvast av det. Ti minutt. Ho har ti minutt. Det er fyrste gongen ho verkeleg kan gjera noko frå eller til for sin eigen lagnad, og ho har berre desse minutta på seg. Ho ser på klokka på veggen. Visarane krek seg rytmisk gjennom runden sin på urskiva, teller ned. Nå, Dagny, seier dei, nå eller aldri. Bli her og ta det som kjem, eller kom deg ut døra og la han redde deg, kan det vera så vanskeleg? Ingen ting kan bli verre enn det som har vore, tenk på smertene, stanken, skamma, slitet, søvnen du aldri får ha i fred……………….

    Ho tverrsnur og spring ut av kjøkenet og opp den kalde trappa til andre høgda, riv opp døra til rommet sitt, finn reiseveska under senga, dreg ut kommodeskuffene og kastar kleda oppi, hugsar penskorne som står borte ved vaskestellet, hårbørsta, den vesle håndspegelen, leppestifta ho kjøpte og aldri har fått bruk for, dagboka i skuffen på det vesle bordet, biletet av foreldra og søskena som heng over senga…………………det er alt. Og så kåpa og skjerfet bak døra. Slik. Nå er ho klar. Berre han ikkje har reist! Berre ikkje Bendik kjem! Kjære Gud, la meg koma meg her ifrå, vær så snill……………………….

    Sigvart står ved bilen, slepper ein sigarettstump på bakken og knøvlar den med skotuppen, løftar hovudet og ser mot svala ein siste gong. Han opnar bildøra og skal til å setja seg inn da Dagny kjem ut på dørhella. Ho er andpusten, ein lokk av det ljose håret har slite seg laus frå den stramme strikken i nakken, augo har fått liv og huda farge, den blå kåpa som får henne til å likne ei bydame. Ho er så vakker. Det er noko med henne som treffer han midt i hjartet, vekkjer noko mjukt i han. Biletet av minstebroren, Even, kjem for han med eitt. Han har han ikkje ofra ein tanke på lang, lang tid. Sigvart har vendt seg til å vera hard, snekra saman eit slags panser rundt seg. Fattigkasse, audmjukingar, hån og spott frå folk som trudde seg bedre enn han, har gjort han hard og huga på hemn. Nå kjenner han at trassen og sinnet må flytja seg unna og gje plass til noko anna. Det kjennest så bra, han blir beint fram litt lukkeleg av det. Det er nå merkeleg au, rekk han å tenkje medan ho kjem mot han; krigen har kome med alle slags goder til han. Arbeid, pengar, husvære, bil, klede og mat. Og nå Dagny. Han ler mot henne, kjenner seg så lett, og jammen fer det ein rask smil over andletet hennar au.

    • Du kom! Nei, nå vart eg glad! Kom med panket ditt, så tek vi det bak.

    • Det er berre denne veska, eg kan ta ho på fanget.

    • Nei da, kom med ho nå. Kan skjøne du skal sleppe å sitja nedlessa heile vegen til Steinkjer.

    • Eg veit ikkje om eg vil heim. Eller……………….eg vil, men eg trur ikkje eg kan. Far er arbeidslaus, og mor er sjuk, og så er det dei to småsøstrene mine. Eg kan ikkje leggje meg innpå dei. Og det var far som skaffa meg arbeid her, han kjem til å bli så sint, at. Han er kommunist, så det kosta han nok ein del å be for dotter si hjå ein bondefan, som han kallar dei.

    • Og det har han jaggu rett i. Nei da, det ordnar seg nok, skal du sjå. Du skal få pengar av meg, så blir han nok så blid, at. Kor mykje har du tent i månaden på å gå i den helvetesheita her?

    • Tjue kroner. Og så kosten og losjiet, da.

    • Så får du førti av meg, for kvar månad som er att til flytjardagen.

    • Det kan eg da ikkje ta imot, kan du skjøne.

    • Jau, det kan du. Du veit kva dei seier; den ein reddar, har ein ansvar for.

    Han held oppe døra på passasjersida for henne, ein augneblink møtest augo deira idet ho skal setja seg inn. Dei smiler, båe to. Dagny kjenner seg plutseleg heilt trygg. Alt kjem til å gå bra, ho kostar på seg å kaste eit raskt blikk attende mot det store, tunge våningshuset. Hit skal ho aldri meir.

     

    Dei duvar av stad på trønderske vegar. Det er varmt og godt i bilen, og motoren gjev frå seg ein søvndyssande, jamn lyd. Ikkje som andre køyredoningar Dagny har sett, som harkar og hostar og berre så vidt krek seg fram. Det byrjar å skymmest, og landskapet ser ihelfrose ut – dei store, kuvne, kornåkrane med rimete, avkappa strå, lauvet som ligg som oransjeraude teppe under nakne tre i kanten av beitemarka, røyken frå huspipene, eitt og anna menneske på veg til fjøs eller låve på rolege tun, og innimellom, når vegen buktar seg heilt ut på kanten av fastlandet, tarmar av fjorden som dissar mjukt mot fjøresteinane.

    Dei småpratar om både det eine og det andre. Sigvart legg ut om korleis det er i Trondheim; kafeane, kinoane, livet på hamna og jernbanen, merkelege folk og artige episoder. Han er ein framifrå forteljar, ho må le høgt eit par gonger.

    • Jøss, du er enda penare når du ler, seier han da.

    • Og du er artig å høyre på. Fortel meir, da. Har ikkje vore i Trondheim, eg.

    Dei har køyrt ein times tid da dei blir stoppa av ei tysk patrulje.

    • Sjå der ja, den tyske grundigheita er ute og rir kjepphestane sine, seier Sigvart.

    • Sikkert mykje å pirke på for dei her uti huttiheita, så mykje trafikk som det er her, ler han mot henne medan han svingar inn.

    Ein uniformert, ung mann helsar venleg Gute Abend og spør om å få sjå legimitasjon. Sigvart slår på kupeljoset, strekkjer seg over mot Dagny, streifar henne så vidt med armen, leitar fram ei mappe frå eit lite rom framfor henne som han opnar med å trykkje inn ein blank knapp. Tyskaren står tolmodig og ventar medan Sigvart brettar ut papira. Dagny ser det eine er ein slags kjøresetel og det andre eit………….grensebuarbevis – er det det det står? Men Sigvart bur da vel ikkje ved grensa? Det siste brettar han saman og legg inn i hanskerommet att, og gjev tyskaren kjøresetelen saman med eit kort med bilete og personopplysningar han tek opp frå jakkelomma. Forundra ser ho at det står eit heilt anna namn enn Sigvart der. Bjarne. Etternamnet ser ho ikkje, eitt eller anna på B. Har han halde henne for narr likevel? Plutseleg er ho uroleg. Augo hennar er som nagla fast til det vesle kortet. Kva er det det står elles der? Det har eit rart stempel ho ikkje har sett før, men ho rekk ikkje å sjå meir før tyskaren tek papira, ser raskt på dei, kastar eit blikk på Sigvart og gjev dei tilbake.

    • Und Sie, Freulein? seier han. Han har bøygd seg ned og ser på henne gjennom det nedrulla vindauget. - Papieren, bitte?

    Å, nei. Ho er så uvant med å reise at ho har gløymt å ta med seg papira sine. Dei ligg att i den minste skuffen i kommoden hennar på Glenne. Storøygd og hjelpelaus ser ho frå Sigvart til tyskaren.

    • Sie fährt mit mir. Nach Drontheim. Sie ist ok. Aber keine Papieren. In Ordnung? seier Sigvart med roleg stemme.

    Dagny blir sitjande og kope, ser frå den eine til den andre. Soldaten smiler, blunkar sjelmsk til Sigvart, klappar lett på taket av bilen og går eit steg unna medan han vinkar dei av stad.

    Dagny ser skeptisk på Sigvart.

    • Du kan tysk! Kva sa du til han?

    Han rullar opp vindauget, tøyer seg over og legg papira på plass, er heilt inntil henne, ho kjenner den gode lukta av han, ei blanding av tobakk og ei slags parfyme. Staffasje, tenkjer ho. For å få dumme meg på kroken. At det går an å bli så toskete - innbille seg at det eine karfolket er bedre enn det andre!

    • Og du heiter ikkje Sigvart! seier ho sint. - Det var ikkje det som stod på kortet ditt! ***, eg burde skjønt at du narra meg.

    • Så, så. Eg har ikkje narra deg. Tyskaren derimot, måtte eg lure litt. Elles hadde vi vorte ståande her ei god stund. Eg har ei slik stilling at eg må narre både tyskarar og nordmenn innimellom. Det er nokså innvikla, men kort fortalt så er eg med i ein organisasjon som skal prøve å………….vel, minimalisere skadane av den tyske okkupasjonen. Og ja, eg kan tysk. Er nyttig det, ser du, om ein skal sno seg gjennom denne krigen utan å gå heilt på trynet.

    Han høyrest overtydande ut, ho prøver å slappe av, finne att tryggleiken ho har kjent saman med han. Stemma hans er roleg, ikkje eit snev av irritasjon fordi ho har vore framfus og nesten skulda han for å vera uærleg. Men likevel………………ho har fått så evindeleg nok av at folk fører henne bak ljoset, utnyttar henne, gjev henne heilt andre ting enn det ho har bede om eller forventa, ho har eit hat og eit sinne i seg mot alle som trur ho er dum og godtruande berre fordi ho er jente og fattig og…………….

    Han får i gang bilen att. Dagny sit og stirer rett fram, kjakane er samanbitne og stramme. Sigvart ser på henne innimellom, seier ikkje meir. Ventar. Da dei kjører innover mot ein tettstad ho ikkje veit namet på – klynger av mørke hus som ikkje slepper ut så mykje som ei ljosstrime gjennom dei blenda glasrutene – snur ho seg mot han:

    • Kva heiter du, eigentleg? Og kven arbeider du for?

    • Det med namn, det………………..det er nokså stor risiko med det eg driv med, så eg arbeider i det skjulte, er eg uheldig eller uforsiktig, kan eg bli arrestert, eller andre i organisasjonen kan koma til å plapre om kva vi gjer og kven som er med der. Så vi har dekknamn, alle saman – ikkje berre eitt, men radt fleire, etter som kva oppdrag vi er ute på. Korkje Sigvart eller Bjarne er rette namnet mitt.

    Plutseleg bremsar han ned, dei er ute av tettstaden, han svingar inn ein liten sideveg, stoppar bilen og sløkkjer lyktene. Ein augneblenk sit dei i stummande mørker, før han slår på kupeljoset. Dagny ser uroleg på han. Han tek opp sigarettpakka og fyrtøyet, spør om ho vil ha, nølande tek ho ein sigarett og lar han tenne den for henne. Ho har ikkje røykt på aldri så lenge, hostar, han smiler bak fyrstikkflammen:

    • Uvant?

    • Uff, ja. Har ikkje sett snurten av ein sigarett, eg, sidan eg kom til Glenne. Korleis får du tak i ordentleg tobakk? Er ikkje det mangelvare?

    • Fylgjer med jobben.

    Han sløkkjer fyrstikka med å riste fort på ho, tek eit djupt drag av sigaretten, stryk seg over håret. Han har pene hender. Kraftige, velstelte, med lange fingrar.

    • Du, Dagny…………………………….er du i stand til å lite på meg, trur du? Eg forstår at det ikkje er lett, med tanke på kva du har vore utsett for, og bonden på Glenne er sikkert ikkje den første som har trakka på deg på ein eller annan måte, sjøl om det han gjorde, var verst. Eg kjenner storfolka, ser du, ut og inn, det gjeld både bønder, lensmenn, prestar og andre av det såkalla borgarskapet, lærarar, ikkje minst. Eg har hatt lærarar som har vore så infame at du ikkje vil tru det.

    • Men du er storfolk sjøl, du, dristar ho seg til å seia. - Ingen har så fin bil som du, eller så fine klede. Du LUKTAR storfolk til og med, meir enn alle lærarar og prestar og bønder til saman.. Så kvifor skal eg stole på deg, meir enn dei andre?

    • Luktar eg storfolk?

    • Ja, det luktar så godt og reint av deg. Og parfyme av noko slag.

    Ho kjenner ho blir raud i andletet, angrar orda med det same dei har sluppe ut.

    • Unnskyld, eg meinte ikkje å…………………

    Ho ser stivt rett framfor seg, sigaretten dirrar mellom fingrane hennar, det dett oske på kåpetyet, febrilsk børstar ho det av. ***. Sint på seg sjøl stumpar ho røyken i den vesle, firkanta koppen mellom bilseta.

    • Kva hadde du gjort først, hvis du hadde mykje pengar? spør han.

    Handa hans streifar så vidt hennar der den er på tur ned i oskebegeret idet ho trekkjer til seg si. Ho tenkjer seg om. Han er ein raring. Hoppar frå det eine til det andre når han pratar. Om ho hadde mykje pengar?

    • Fått meg ordentlege skor - eg går alltid i for tronge eller for tynne skor. Og så hadde

    eg gått på kafe og kjøpt krembolle og sjokolade. For det har eg gjort berre ein gong i

    heile mitt liv.

    • Nettopp. Det var det eg gjorde, da eg kom til pengar. Vaska av meg fattigmannslukta, gjekk på kafe som eit anna sivilisert menneske, kjøpte meg gode klede som korkje var for store eller for små, og så fekk eg meg finare bil enn storfolka har – berre for å kjenne meg fri frå dei, liksom. Skjønar du?

    • Ja, eg trur det. Men korleis kan du ha så mykje pengar? Kven arbeider du for?

    • Mest for meg sjølv. Eg utnyttar dei høva som krigen gjev til å……………………….

    Nølande teier han, tek fram ein ny sigarett, ho ristar på hovudet da han byr henne ein til.

    • Til kva da?

    • Til å ta att med alle dei som har gjort meg urett ein eller annan gong. Storfolk, for det meste. Og så eit par smådjevlar som lagde *** for meg da eg var gutunge, dei skal eg nok få has på, før eller sidan. Og det likaste er at eg tener pengar på det.

    • Men korleis? Eg forstår ikkje at krigen kan gjera det mogleg for deg å………………..mange av storfolka er nazistar, er dei ikkje? Det seier far, i alle fall. Er du med i noko slags motstandsgruppe da, eller?

    • På ein måte, på ein annan måte ikkje. Og far din tek feil. Dei fleste storfolka, i alle fall her i Trøndelag, er gode nordmenn, som ein eller annan gluping har funne på å kalle dei. Lærarar, prestar, legar, kontoristane,storbøndene…………..og så er det kommunistane, sjølsagt. Men dei arbeider nå meir for bolsjevikane enn for kongen og Londonregjeringa. Er han motstandsmann, far din?

    • Han er mot nazistane, ja. Men han er mot regjeringa au. Snakkar om at russerane kjem til å redde Europa og innføre proletariatets diktatur. I mellomtida er han arbeidsledig fordi han nekta å jobbe for tyskarane. Dumt, tykkjer nå eg, når mor er sjuk og småsøstrene må gå utan både skikkelege klede og mat.

    • Ja, ikkje sant? Arbeid er arbeid, og pengar er pengar.

    • Men pengane dine……………………eg skjønar framleis ikkje korleis du kan ha så god råd når du ikkje akkurat er fødd med sølvskei i munnen, som du seier. Veit ikkje om ein einaste fattigfaen, eg, som har klart å koma seg ut av elendet.

    • Kan EG stole på DEG, Dagny?

    • Ja, det trur eg da? Kvifor skulle du ikkje det?

    • Du kunne for eksempel gå til politiet og melde meg fordi eg slo forderva han Bendik?

    • Nei, ikkje tale om. Det bestemde eg meg for da eg pakka tinga mine og reiste frå Glenne. Men han kjem kanskje til å gjera det sjøl. Og setja ut rykte om at EG er upåliteleg, så ingen vil ha meg i teneste.

    • Trur ikkje det. Skal han melde meg, må han forklare KVIFOR eg dengde han, og det kjem han nok ikkje så vel ifrå. Og eg skal nok sørgje for at du får jobb, eg har mektigare vener enn det Glennebonden har.

    Ho merkar at han ser på henne, sigarettgloa er raudglødande i mørkret, han har opna vindauget på gløtt for å sleppe ut røyken. Det kjem ein mild vind inn i kupeen, den luktar hav og salt. Så blir det veromslag, tenkjer ho adspredt.

    • Tenk deg, seier han og kastar gloa ut før han sveivar opp att ruta, - tenk deg at du fekk høve til å hemne deg på han Bendik. Eller ta rotta på alle mannfolk som er like simple som han. For det kan eg seia deg, han er ikkje den einaste som utnyttar kvinnfolk. Eg veit om ein i Trondheim som………………nei, skit i det, berre tenk på kva du ville gjort om du fekk høve til å ta han Bendik.

    • Ta han – korleis da? Korleis skal eg klare å ta ein branne som er tre gonger så tung som meg og med nevar som ser ut som steikepanner?

    • Tenk. Det første som fell deg inn, kva er det?

    Ho blir sitjande taus ei stund. Så kjem det stille, og ho kan eigentleg ikkje begripe at ho tør å nemne det:

    • Når han………….driv på som verst, forestiller eg meg at eg slår han i hel med ein

    stein. Eller noko anna tungt, kva som helst, berre det knuser det heslege ansiktet hans.

    Ho dreg pusten djupt.

    • Veit du kva som er verst? Han siklar. Eg syns eg kjenner spyttet hans på meg over alt. Heile tida. Eg blir aldri rein meir, same kor eg vaskar meg. Hjelp ikkje med parfyme her, nei!

    Plutseleg hikstar ho, ho sit rett opp og ned, hendene ligg knytte i fanget, og frå djupt inne i kroppen kjem det ein jammer ho ikkje klarer å stoppe.

    Han bøyer seg over mot henne, tek varsamt rundt dei ristande okslene og trekkjer henne mot seg så ho kan gøyme seg mot bringa hans. Med rolege rørsler stryk han henne over håret.

    • Berre gråt du, Dagny. Kanskje det hjelp. Litt, i alle fall.

    Hendene stryk og stryk, dei mørke augo ser blindt ut i natta utanfor bilen, han dreg pusten djupt ned i magen.

    • Gud, kor glad eg er eg fekk teke den djevelen, kviskrar han.

    Han ruggar henne. Dei tunge hulka går over i roleg gråt, han kjenner det er vått mot skjortetyet. Ho legg frå seg smerta si mot hjartet mitt, tenkjer han.

    Slik sit dei, heilt til dei merkar kor kaldt det er blitt i bilen og Dagny set seg opp, forlegen. Ho snufsar, finn eit lommetørkle i kåpelomma, ser ikkje på han, restane av gråten går som ei båre gjennom henne.

    • Unnskyld, vanlegvis så er eg ikkje så stakkarsleg, det var ikkje meininga å plage deg med………………….***, eg veit ikkje kva som gjekk av meg, eg. Kan vi kjøre nå?

    • Ja, vi skal kjøre. Og få på lite varme her. Og så skal vi ta inn på eit pensjonat eg veit om ikkje så langt her ifrå, og i morgon skal vi finne ein kafe som har krembollar og sjokolade. Kva seier du til det? Vi når ikkje Steinkjer i kveld uansett.

    • Ta inn på pensjonat? Vi kan da ikkje………..

    • Jau, det kan vi. Vi kan gjera akkurat som vi vil, vi to.

    • Ja, men det tek seg ikkje ut å………..

    • Vi skal sova i kvart vårt rom da, skjønar du vel. Tullejente.

    Ho ler. Det blenkjer i augnevippene hennar, og alt håret har slite seg laus frå fangenskapet i den stramme strikken. Han rekkjer fram handa og stryk bort væta på kinnet. På ein impuls grip ho tak i handleddet hans, held fast.

    • Du redda meg, du, seier ho.

    • Og du har redda meg, trur eg.

    • Har EG redda DEG?

    • Ja, det har du. Men eg er ikkje heilt sikker på kva du har redda meg frå.

     

    På ettermiddagen neste dag nærmar dei seg Steinkjer. Begge sit tause og tenkjer på sitt.

    Dagny mest på kva ho skal seia til foreldra, bekymra prøver ho å finne orda ho skal bruke for at dei skal forstå kvifor ho har slutta i tenesta på Glenne, og ikkje laste henne altfor mykje. Men innimellom flyg ein smil over andletet, det er når ho tenkjer attende på den gode senga ho har sove i, med reine sengeklede som lukta såpe og frisk luft, timar med ottelaus sømn, da Sigvart endeleg fekk seg til å kakke på døra hennar, var det langt utpå formiddagen. Og dei fann dei ein kafe, ikkje med krembollar, men med himmelske wienerbrød og varm sjokolade. Det krydde av tyskarar der, men merkeleg nok fekk dei sitja i fred.

    • Kor lenge er det sidan du var heime? spør han plutseleg.

    • Ikkje sidan april. Eg reiste til Glenne sist i månaden.

    • Du veit at Steinkjer vart bomba?

    • Ja, Bendik sa det. Og eg fekk brev frå mor, så eg skulle veta at det var bra med dei. Korleis da?

  •  08-17-2008, 14:57 1670 in reply to 1667

    • Amber is not online. Last active: 02 Jan 2009, 13:53 Amber
    • Top 10 Contributor
      Female
    • Joined on 07-14-2008
    • Bergen
    • Forumist

    Re: Får du lyst til å veta meir om hovudpersonane mine?

    Måtte du slutte akkurat der!!!!

    For å svare på spørsmålet ditt i overskriften: Ja.

    Merker at det er lenge siden jeg har lest nynorsk, så det gikk litt tregt. Men det er ikke din skyld. Du har god flyt og skriver godt, synes jeg. Du har gode beskrivelser, med interessante detaljer.

    Du klarer og å skape en følelse av at denne Sigvart ikke er helt den han sier at han er. Har en følelse av at han kan komme til å overraske, men ikke på hvilket vis. Og det er bra.

    Har notert litt smårusk. Er en pirkete person, så jeg klarer ikke å la være:

    I begynnelsen av et jeg oppfatter som hvert kapittel (3 stk), der halter historien litt, før den kommer skikkelig igang.

    Du bruker  ´ho´ veldig mye. Av og til kan det være greit å bruke navnet hennes i stedet.

    Ord som ender på -heit. Husker jeg feil, eller lærte jeg ikke en gang i yngre steinalder, at det ikke var -heit endelser i nynorsk? Jeg kan ta feil.

    Da Sigvart kom for andre gang, hvor ble det av alle de andre folkene? Kanskje hoppet jeg over en linje, men jeg så for meg at slakteren og resten av karene var utenfor huset et sted og kunne komme til å avsløre hva Sigvart gjorde med Bendik.

    Når det gjelder ***. Skriv ordet. Det er en del av historien, så få det med. Det er i hvert fall min mening.

    I begynnelsen bruker du ansikt, og på slutten andlete. Andlete virker mest naturlig, med tanke på ordvalget ellers.

    Og så heter det legitimasjon, ikke legimitasjon. (Noe jeg må fortelle meg selv også, fra tid til annen).

     

    Jeg sa jeg var pirkete, gjorde jeg ikke? Det viktigste er uansett å skrive ferdig historien, og så begynne å pirke, når alt er på papiret. Men jeg klarte ikke å hoppe over småplukket, når jeg oppdaget det. 

     

    Skriv masse! 

     

    Amber 

  •  08-18-2008, 12:11 1671 in reply to 1670

    • orakel is not online. Last active: 08-19-2008, 10:56 orakel
    • Top 50 Contributor
      Female
    • Joined on 08-17-2008
    • Oslo
    • Wannabe

    Re: Får du lyst til å veta meir om hovudpersonane mine?

    Takk for konstruktiv kritikk!  Skal sjå gjennom teksta att, trur du har heilt rett.  Og det med legitimasjon var ei blemme, litt pinleg, for å seia det rett ut. 

    Bendik og Dagny er åleine da valdtekta skjer, og dei er aleine når Sigvart kjem.  Skal prøve å gjera det tydelegare.

    Når det gjeld gamle reglar om kva for ord som er tillatt på nynorsk, har du rett.  Men eg er litt radikal der, syns somme gonger at dei nynorske alternativa er oppkonstruerte og uforståelege. Men både ansikt og andlet er tillatt, men kanskje har du rett i at eg må velja det eine, og ikkje bruke begge to. 

    Bra at du fekk lyst til å veta meir, i alle fall! 

  •  08-18-2008, 12:19 1672 in reply to 1670

    • orakel is not online. Last active: 08-19-2008, 10:56 orakel
    • Top 50 Contributor
      Female
    • Joined on 08-17-2008
    • Oslo
    • Wannabe

    Re: Får du lyst til å veta meir om hovudpersonane mine?

    Forresten er det ikkje eg som har teke bort banneorda, det var det skriveprogrammet her inne som gjorde!  Må nok redigere litt, skjønar eg................
  •  08-18-2008, 16:00 1673 in reply to 1672

    • Amber is not online. Last active: 02 Jan 2009, 13:53 Amber
    • Top 10 Contributor
      Female
    • Joined on 07-14-2008
    • Bergen
    • Forumist

    Re: Får du lyst til å veta meir om hovudpersonane mine?

    Så det er derfor det er så mange stjerner rundt omkring i tekstene her inne. Det forklarer saken. Jeg har mye å lære her. Embarrassed Skal øyeblikkelig slutte å klage over at folk ikke skriver banneordene. Hvis jeg da ikke glemmer det til neste gang jeg blander meg inn i en tekst. Pirkete og senil. Jeg er virkelig festlig å leve med.

    Planlegger du forresten å skrive en roman eller noe enda lengre? Fikk av en eller annen grunn en følelse av at historien din kunne passet som bokserie. Fra tid til annen dukker det opp konkurranser for nye serierforfattere. Tror det er Cappelen/Damm som har en på gang nå. Av det jeg har lest av norske serieforfattere (skal innrømme at det ikke er så mange, men dog), så er din historie mye mer interessant, så langt jeg fikk lese.

    Nå skal jeg slutte å plage deg, for denne gang. Mest sannsynlig. Kanskje.  

    Amber 

     

  •  08-19-2008, 10:54 1674 in reply to 1673

    • orakel is not online. Last active: 08-19-2008, 10:56 orakel
    • Top 50 Contributor
      Female
    • Joined on 08-17-2008
    • Oslo
    • Wannabe

    Re: Får du lyst til å veta meir om hovudpersonane mine?

    Har liksom tenkt det som ein roman, kanskje i to eller tre bind, og har ti kapittel som er nokolunde ferdigskrevne.  Men eg er så i tvil om kva som skal vera førstekapitlet - det er ei dramatisk historie frå krigens dagar, og spørsmålet er om eg skal byrje med byrjinga, som er det kapitlet du har lese, eller om eg skal snu det på hovudet og ta slutten på historia først, og så gå gå tilbake for å forklare slutten - om du skjønar kva eg meiner. 

    Trur ikkje forteljinga eignar seg for kioskhyllene, det vesle stroket av romantikk som du møter i første kapitlet, er nok ikkje karakteristisk for resten.  Dagny og Sigvart blir vikla inn i ei svært valdeleg og dramatisk historie, og dei er begge skadeskotne menneske som handlar meir på grunnlag av hat og hemn enn på grunn av idealisme og andre positive  kjensler.  Men f. eks. Willy Ustad har jo skrive frå krigens dagar i serieform, "Fire søsken" heiter den, og den er veldig god!

     

  •  08-23-2008, 12:11 1677 in reply to 1674

    • Amber is not online. Last active: 02 Jan 2009, 13:53 Amber
    • Top 10 Contributor
      Female
    • Joined on 07-14-2008
    • Bergen
    • Forumist

    Re: Får du lyst til å veta meir om hovudpersonane mine?

    Du kjenner historien, så du vet best. Smile Hadde flere romanserier fokusert på den gode fortellingen, i stedet for romantikk og å få forskjellige forfattere til å skrive mer eller mindre den samme historien igjen og igjen, hadde jeg lest dem. Men det er det forlagene som styrer. Og en helt annen diskusjon.

    Når det gjelder hvor du skal starte historien, så kan begge deler fungere. (Jeg er virkelig i det hjelpsomme hjørnet i dag Wink ) Prøv deg frem og lek med historien. Det er da de geniale løsningene dukker opp.

    Amber  

View as RSS news feed in XML
Powered by Community Server, by Telligent Systems