TRØNDELAG, HAUSTEN 1940
Dagny har akkurat fordelt høyet rundt på forbrettet. Ho
finn krakken og bøtta si og går inn i båsen til
kua. Set seg og lener skallen mot sida på det store dyret.
Dreg i pattane. Dei første strålane med mjølk
sprutar ned i den gamaldagse trebutten. Han har nok ikkje tenkt å
bruke pengar på meir moderne og reinslege mjølkekar,
bonden på Glenne. At det går an å bli så
gjerrig. For tusende gong blir ho sitjande og spekulere på
korleis i all verda ho skal koma seg herifrå. Det er stor skam
å slutte i teneste før tida. Vanskeleg å få
arbeid etterpå, ryktet går framfor ein som ei ond ånd.
Ingen vil ha ei som kan koma til å gjera dei i beit. Og så
er det mor. Ho treng pengane ho sender kvar månad. Er ikkje
så mykje å bruke dei på her, akkurat. Kost og
losji har ho, og butikkar finst ikkje. Sidan juni har ho ikkje vore
av garden. Det var meininga ho skulle vera på setra ei stund i
sommar, men så vart det ikkje noko av. Kjerringa sjøl
reiste dit. Tora såg så glad ut da ho tok i veg. Ja,
takke ***, så kunne fjøshjelpa sita att her med slitet
både i innhus og uthus. Og den helvetes gubben. Ho hatar han.
Ho tek seg god tid med arbeidet. Sit i den duvande freden blant
varme kukroppar og kvir seg for resten av kvelden. Arbeid, arbeid og
arbeid. Og til sist søvnløysa og lyinga etter stega i
trappa. Kor lenge er det sidan ho sov ei heil natt? Søvnen ho
aldri får brukt opp ligg som ei ullen skodde i skolten på
henne dagen igjennom. Får henne til å sleppe ting,
snuble når ho går og skjelve når ho legg hendene i
fanget ein sjeldan gong. Ein dag skal ho gjera opprør. Ho
kjenner det raude hatet som aular rastlaust gjennom kvar bidige trevl
i kroppen, får kjevene til å verke og nevane til å
klemme hardt rundt kvar einaste ting ho tek i.
Det er seinhaust og sørpete ute. Det stinkar av møkk
da ho går ut frå fjøset, dei har køyrt ut
gjødsla på jordet på sørsida. Oppe ved
innhuset står det ein bil. Er vel han karen som var her førre
dagen, som vart beden inn i finstua og fekk kaffeservering og dram.
Sjøl måtte ho halde seg på kjøkkenet. Var
vel ikkje fin nok. Ho høyrde dei prata lågmælt
der inne. Skratta ein gong iblant. Til og med Tora, ho som aldri ler
elles. Ja, du. Det er ei merkeleg kjerring. Mager og herja i
fjeset, tynn som ei fjøl. Og snill på ein måte,
ho masar aldri. Snakkar nesten ikkje i det heile tatt. Går som
ein skugge gjennom romma og ser ut som ho helst ville ha vore ein
annan stad.
Fin bil. I skinet frå utelampa blenkjer det i ratt og
dørhandtak inni kupeen. Seta er raude. Ho blir ståande
litt og sjå på vidunderet. Så fin ein doning har ho
aldri hatt skyss med. Mannen må vera rik. Og ikkje så
gjerrig som bonden her på på Glenne. Her går det i
hest og kjerre. Eller slede, på vinterstid. Har ikkje innlagt
vatn heller, her. Tre gonger for dagen må ho bort i brønnen
med to digre bøtter. Ho har stelt seg dårleg. Hamna på
den mest gamaldagse garden i heile bygda. Det såg så
fint ut i annonsa, men det meste var løgn. Veninna hennar
tener dobbelt så mykje og har fri annakvar laurdag og kvar
einaste sundag og kan ta karbad kvar helg. Og så slepp ho vel
besøk av bonden på rommet sitt om natta. Eller i fjøset
om morgonen. Eller på låven på ettermiddagen. Gud,
kor ho hatar. Ho mister pusten når ho står slik og
verkeleg gjev seg over til kreftene i det. Raseriet lammar henne. Ho
hatar så ho kunne drepa alle som har det bedre enn henne.
Veninna au, somme gonger. Alle som kan stå opp om morgonen utan
å vera tilskitna og sundslegne, slepp å stinke av skam og
sinne. Det blir vel nesten heile verda, det. Kan ikkje finnast mange
slike møkkajenter som henne.
Ho stryk forsiktig over det svarte panseret på bilen. Ein så
vakker ting. Fullkomen. Til å frakte folk bort i. Tenk å
kunna setja seg inn, ha pengar i veska og berre ta vegane fatt. Vera
fri.
Ho kvepp så ho nesten slepper spannet med nysila mjølk.
Stemma er like inntil, like bak henne. Mjuk, venleg. Yngre enn ho
har tenkt seg
- Lyst på ein tur, kanskje?
Akkurat, ja. Han er av det slaget. Freidig og frekk. Rik og
verdensvant. Ho, gardtausa, fattiglusa, skal liksom berre bli med så
fort han knipsar med fingrane. Nei, nokon tur er ho ikkje huga på.
Kunne ikkje falle henne inn, bil eller ikkje bil. Ho ser på
han. Han er kledd i dress og hatt. Mørk, litt høgare
enn henne. Eit forsiktig smil, skeivt, som om den eine munnvika er
gladare enn den andre. Blikket hennar fer forskande over ansiktet
under hattebremmen. Augo møter kvarandre inni skuggane der.
Uff, det var dumt spurt. Unnskyld. Sjølsagt vil du ikkje
bli med på tur med ein vilt framand mann. Men det såg
verkeleg ut som du drøymde deg langt bort der du stod. Ikkje
så lysteleg å vera her på Glenne, kanskje?
Han kastar på hovudet mot det dimme ljoset som siv ut gjennom
kjøkenglasa.
Ho svarar ikkje, det er akkurat som orda set seg fast i halsen på
henne, det er tjukt og trongt langt nedi bringa. Ho er ikkje van med
å prate med folk. Her har ho gått sidan tidleg på
våren, som den einaste ungdomen, den einaste jenta, alle dei
andre som arbeider på garden er dobbelt så gamle som
henne, sveitte, grovslegne karfolk som går og stampar
humørlause og tunge rundt henne. Glenne er ei verd for seg.
Ei grå, ordlaus, brutal verd ein gong ikkje krigen bryr seg med
å stikke innom.
Ho snur seg plutseleg og vil gå, men han gjev seg ikkje:
Du ser så trist ut. Sikker på at du ikkje vil vera med
og kjøre ein tur? Berre for å sleppe frå litt?
Eg kan ikkje det, kan du vel skjøne. Eg er i fjøskleda,
og eg har arbeid som ventar inne. Eg vil ikkje heller, sjøl
om det...............
Nei, ho må inn, før ho byrjar å grine. Han er det
første mennesket som har snakka venleg til henne på
lang tid, men samtidig har ho har ei kjensle av at han ser rett inn i
henne, ser skiten, kjenner stanken av fornedring gjennom eimen av
fjøs. Han høyrest snill og oppriktig ut. Det slår
henne rett i marka. Ho står og vrir seg i skamma ho går
og ber på, den ligg som eit laken rundt henne, eit likklede
over det ho har vore ein gong. Om det berre hadde vore ljos nok ville
han sett kor stygg og ekkel ho er.
-
Kva som helst ville vore bedre enn å vera her. Men eg
er ikkje dum. Trur du verkeleg eg innbiller meg at eg er fin nok til
å sitja i den flotte bilen din?
Jau da, men du såg nok ikkje meg. Eg var innom fjøset
her ein morgon, leitte etter han Bendik. Du var så oppteken
med å fore grisane. Du såg lei deg ut da au. Eller sint,
eg veit ikkje heilt. Pen er du i alle fall.
Ho vrir seg der ho står, har mest lyst til å forsvinne
ned i bakken. Berre det ikkje var den morgonen ho slo sund fjøslykta
i morderisk sinne, den morgonen han Bendik kom inn i båsen
medan ho dreiv med mjølkinga, den morgonen skjørtet
hennar var fullt av kumøkk og ho hadde raudflamma slagmerke på
kinnet og............................den framande veit ingen ting om
korleis det er å vera henne, han med den fine dressen og bil
som nesten ingen har råd til, ikkje storbøndene ein
gong, kva veit han om korleis det er å..............
Og eg er ikkje rik, om det er det du trur, seier han, som om han
svarar på dei stumme anklagene.
Eg veit alt om korleis det er å måtta træle for
storfolka, finne seg i nykkene deira og late som ein er dum. Men eg
har vore heldig og fått meg godt arbeid. Krigen, veit du, den
snur litt opp og ned på ting.....................men du, er
dei ikkje snille med deg, han Bendik og ho Tora?
Han er borte ved førarsida på bilen, opnar døra,
ser vedhaldande på henne, ho står tafatt og fylgjer han
med blikket, finn ikkje noko å svara, med eitt er alt ei
einaste skodde, ho kjenner ansiktet sitt blotne, ho svelgjer og
svelgjer.
Eg kjem att seinare i veka, eg, seier han. - Og da skal eg koma midt
på dagen. Da kan du vel bli med? Berre ein liten tur?
Kanskje, seier ho og smiler takknemleg fordi han overser
stakkarslegheita hennar.
Hvis eg har tid, så. Og hvis eg får lov.
Ho lyfter eine armen til eit lite vink idet han set seg inn og
startar motoren. Billyktene sveiper over henne da han svingar bilen
rundt på tunet. Så merkeleg. Det er akkurat som om det
syng litt inni henne ein stad. Vemodig, som den finske sangen ho
høyrde på radioen her om dagen. Ho kjenner seg lett og
tung på same tid. Ljoset forsvinn nedover alleen, og ho går
inn i mørkret i den nedslitte svalgangen.
Tora er aleine i kjøkenet. Ho glyttar så vidt på
henne. Det beinete andletet er nysgjerrig.
Så lenge du vart, seier ho med den flate røysta si. -
Det står bra til i fjøset, vel?
Ja da. Men Staslin mjølkar nesten ikkje lenger.
Snakka du med han Sigvart?
Han kroppen som var her? Ja, så vidt. Heiter han Sigvart?
Ja. Kjem frå Namdalskanten, trur eg. Fer rundt og kartlegg
motstandsviljen blant folk rundt på bygdene, sa han. Vart dei
mange nok, skulle dei ta kverken på tyskerane, meinte han.
Det skulle vera så hemmeleg, så eigentleg har eg vel
ikkje lov til å tala om det for deg. Men du er nå av
husets folk, på ein måte. Han lurte på om det
fanst våpen au, etter mobiliseringa, veit du. Det var mange
som melde seg på Rinnleiret og fekk utdelt uniform og våpen,
men det vart ikkje noko særleg til kriging på dei. Så
tok dei vel med seg utstyret heim att, og det var det. Høh,
ja , det var noko til krig. Til og med han Bendik reiste innover,
like før våronna og all ting. Gamle kroppen. Men dei
sende han heim att, heldigvis. Var like før du kom til
gards, det.
Tora har teke fram bundingen sin, nå sit ho og legg opp masker
til eit erme på ei trøye. Ho er lynrask med
strikkepinnane, dei knudrete, magre fingrane får dei til å
gå som trommestikker.
Han Sigvart’n. Pass deg for han. Eg sa det til han Bendik au, eg,
at han der er ikkje all der han er sedd.
Korleis da?
Berre ei kjensle eg har. Bendik skratta berre av det, men..........
Meir blir det ikkje sagt. Og for ein gongs skuld blir det ein litt
triveleg kveld. Tora og ho sit med bøting og strikking og
høyrer på musikk i radioen, og Bendik viser seg ikkje.
Eg trur han fekk seg litt for mange drammar, eg, seier Tora. - Ja,
aldri så gale så er det godt for noko, legg ho til med
blikket nedgrave i bundingen sin.
Slaktaren kjem. Det fylgjer trivnad med han, merkjeleg nok. Han går
rundt i det flekkete forkleet sitt, fortel historier og ler. Når
han ikkje kakkar grisar i skallen eller gjev dei ei kule, sjølsagt.
Da er han dødsens alvorleg. Det luktar blod, kokande vatn og
skolda grisehud. Dampen står som ei sky mot den klare lufta.
Novemberhimmelen orkar nesten ikkje å bera ljoset lenger,
stadig skiftar det over i grått eller raudt. Trea står
som nakne ståltrådklaser mot tidlegfrosten. Bakken er
knudrete av snøberr tele, i nepeåkeren har haugane med
gras gjeve frå seg den siste sneven av råtna sommar.
Det kunne ha vore ein god dag, sjøl om ho er aleine om
arbeidet inne. Men ho veit at det ikkje blir det. Tora har reist til
syster si i Namsos, som ligg sjuk og er heilt aleine.
Det er sein formiddag. Ho står i kjøkenet og rører
i blodet så det ikkje skal levre seg. Den svarte, store omnen
gjev frå seg ein intens varme. Ho sveittar. Ute i garden
høyrer ho karfolka skratte. Ho håpar slaktaren blir til
middags, så slepp ho vera aleine med Bendik. Det er det verste
av alt, å sitja der og eta, taust og toeine, ho og han, medan
ho stålset seg for teikna ho har lært seg kjem i
førevegen: den raude hamleten hans, den tunge pusten,
augnekast med både lyst og forakt i, dei store hendene som
stadig er nede i skrevet på han, heilt åpenlyst, medan
han SER på henne, trassig liksom, gnukkinga mot benken, som om
han øler opp seg sjøl.
Ho prøver å tenkje på han som ein stakkarsleg,
vesal mann. Ikkje er han pen, og ikkje er han spesielt intelligent.
Tvert imot. Ho har høyrt han saman med arbeidsfolka, kor
dummme ting han kan få seg til å seia. Ho har sett
fliren hjå dei andre.
Dei har ikkje barn, Bendik og Tora. Det er derfor alt er til nedfalls
her. Alt er kjærleikslaust og kaldt, liksom. Ufruktbart.
Ho ser på klokka på veggen. Halv eitt. Og uti garden er
det blitt heilt stille. Er dei alt ferdige da? Ho går bort til
glaset og ser. Bendik driv aleine med eitt eller anna nede ved
slaktebenken. Den butte skikkelsen er treg i rørslene, som om
han har tankane ein annan stad.
Ho dreg pusten djupt ned i magen. Stengjer av. Rører i
blodet. Så raudt det er. Med svart i. Det luktar som ingen
ting anna. Varmt, fortetta, nesten kvalmande. Ho skal lage
blodklubb av det. Og blodpølse.
Så er han der. Bak henne, i døropninga. Ho snur seg
ikkje, men står som på nåler og lyer til kvar
rørsle han gjer: Stega hans over golvet, nærare og
nærare, før dei stoppar ved vassbøtta som står
på krakken ved kjøkenbenken, han ausar opp vatn og
drikk, slurpar, pustar ut. Turkar munnen mot busserullermet, sparkar
av seg dei møkkete støvlane ved svartomnen – kvifor
kan han ikkje setja dei i svala før han går inn? Nå
blandar den skarpe lukta av fotsveitte seg med alle dei andre eimane
som alt finst i det lumre kjøkenet.
*** kor godt det hadde vore med ein kaffekopp nå, seier han
bak henne, han høyrest nesten ufarleg ut, pusten er jamn, å, kor var ho er for den
pusten. Han tek ein sving forbi henne og bort til glaset, ser ut,
står med ryggen til med hendene i lommene.
Men kaffe finst det vel ikkje i huset, held han fram.
- Nei, Tora skulle prøve å få tak i i Namsos. Så
til ho kjem att, får vi klare oss utan.
Han snur seg, ho kjenner augo hans på seg.
Snart, tenkjer ho medan knokana kvitnar rundt tvara ho har i handa;
snart tek han i henne, slik han plar, som om ho er noko han eig, ein
matrett han plukkar fram frå eit skåp og forsyner seg av.
Han stryk henne over baken, klyper, ler den ekle, lystne latteren som
liksom berre rislar ut mellom tennene på han.
Hat, hat, hat.
Ho har mest lyst til å skrike, slå han med tvara, sleppe
blodkaret ned på dei ullsokkstinkande føtene hans, dytte
han baki svartomnen og den hissige varmen der, men det kjem berre som
eit lite fuglepip opp gjennom halsen på henne:
Nei, vær så snill, ikkje…………..
Å, du likar det så godt, at.
Han triv den høgre handa hennar, tvara forsvinn ut av neven og
druknar i alt det mørkeraude blodet, det sprutar, ein dråpe
landar i ansiktet på henne, renn nedover kjaken, halsen,
forsvinn innafor blusekragen. Han tvingar armen bakover og fingrane
hennar rundt det harde kjønnet sitt.
Og han her likar det enda bedre. Berre kjenn. Heh? Kjenner du kor
godt han likar det?
Nei, nei, eg vil ikkje, jamrar ho, - eg må røre i
blodet, det størknar, vær så snill…………
Men han er ustoppeleg, pusten går som ein blåsebelg bak
henne.
Skjørtet han dreg opp og underkleda han dreg ned. Neven på
ryggen som tvingar henne til å bøye seg framover bordet.
Dei kalde hendene som grafsar, får huda til å nuppe seg
og alt i henne til å krympe saman til ein svart klump. Ho
spenner alle musklar, prøver å
gjera seg ugjennomtrengjeleg. Det blir enda vondare da, men ho kan
ikkje anna. Korleis skal ho leva med seg sjøl om ho prøver
å gjera det lettare for seg å stå ut?
Den blå himmelen utom glaset. Den stramme lukta av blod. Dei
jagande rørslene hans. Hendene som klemmer og klyper i brysta,
før dei flyttter seg nedover ryggen og tek tak rundt skinkene,
ho kjenner det stirrande blikket hans mot den sprikjande nakenheita
si, dei små, heslege grynta han kjem med, klyser med sikkel som
landar på korsryggen, dei brautande støyta inne i henne,
harde og vonde, han luktar sveitte og slakt og surna manndom, ho
prøver å tenkje på ingen ting, blå himmel og
varmt blod, bit tennene saman, ein dag skal ho drepa drepa drepa, det
kan ho tenkje på; ho sjøl som slår med ein stein
mot hovudet hans.
Han støyter og støyter, men blir ikkje ferdig. Rasande
snur han henne rundt, løfter henne opp på bordet og tek
tak i låra hennar, bryt dei frå kvarandre, ho må
bite tennene saman for ikkje å skrike, han dreg henne fram på
bordkanten så ho får den i korsryggen og trur ho skal
brekke i to. Ein slags framand dur høyrest utanfor, eller
kanskje er det inne i hovudet på henne, midt i all smerta
undrar ho seg, blir avleda, det lindrar, nokre sekund før det
blir stille att. Klokka slår eitt. Bendikdjevelen står
og dreg i seg sjøl, ho let att augo, han slår henne
hardt på kjaken, du skal sjå, gaular han, sjå her,
ditt ludder, ho stirer blindt, handa hans har tak i håret og
dreg så ho kjenner det slitne, det svir og brenn. Plutseleg
græt ho, nei, remjar, som eit lite, skrekkslege barn, eit
digert skrik losnar frå strupen, rasar mot det forvridde
ansiktet over henne som brøler avsindig da han endeleg gjer
seg ferdig.
Ho veit ikkje kvar ho får kreftene frå. Føtene
hennar fer ut som slegger og treffer han midt i magen , han ramlar
bakover, det ser grotesk ut, den breie kroppen med buksene nede på
anklane som treffer golvet, ho møter det rasande blikket, nå
kjem han til å drepa henne, ho kjem seg ned av bordet, det renn
nedover låra, gjennom ei blodraud skodde kjenner ho den emne
lukta av seg sjøl, ved omnen ligg det ved, ho triv ei stikke
og lyfter den, klar til slag.
Han ligg på rygg på golvet og dreg på seg
beinkleda. Løfter hoftene opp får å få dei
over baken. Det slappe kjønnet ligg som ei blaut, diger åme
i hårklasen under den store magen hans, midt i glaninga på
henne, ekkelt, ekkelt, ekkelt, ho er klar til å slå han i
hel da dei høyrer det går uti svala.
Fort som eit lyn kjem han seg opp. Ho måper. At han kan vera
så rask, da, så tung som han er. Han set augo i henne,
styggblikket, ho trekkjer seg innover i rommet, bak omnen, inn i
kroken der vedkassa står, set seg på den, maktstolen sit
ho og høyrer det kakke på døra og Bendik som går
og læt opp.
Det er han framandkaren frå førre kvelden. Sigvart. Ho
høyrer dei snakke saman ute i gangen, Bendik ber han vel
ikkje inn - såpass skamvett har han vel, i alle fall? Kjære
Gud, ikkje la han koma inn…………………
Men nei. Du kunne nå berre tru det.
Du får koma inn, så får vi sjå på det,
høyrer ho Bendik seia, han høyrest heilt kvardagsleg
ut. - Men vi får stå over kaffen, har hatt slaktar i
dag, og kjerringa er bortreist, så innetausa har nok med sitt.
Dei må forbi henne for å koma inn i stua. Ho vil reise
seg og koma seg bort til blodkaret som står på
kjøkkenbordet slik at ho kan få snudd ryggen til dei,
men ho er for sein.
Bendik sender henne eit strengt blikk da han kjem rundt omnshjørnet
og ser henne sitja der tafatt, framleis med vedskia i neven.
Nei, men sit du her da, seier han, - korleis skal det gå med
blodklubben min da, tru? Du må røre i blodet, Dagny,
elles blir det sveltihel på oss til vinteren.
Stemma er lett, spøkefull, liksom, han går forbi henne,
opnar den tunge døra inn til stua og stegar inn dit. Sigvart
kjem hakk i hel, ser granskande på henne idet han går
forbi, men seier ingen ting. Herregud. Ho er raud av skam, og veit ho
har blod i andletet og sikkert ser ut som ein av dei forvirra
stakkarane på tullhuset lengst inne i dalen
Sigvart læt att døra etter dei. Ho høyrer dei
romstere med stolane ved spisebordet, Bendik som ler av eitt eller
anna, den knirkande lyden når han opnar døra i roskåpet
og hentar glas og dram.
Ikkje til meg, eg køyrer, høyrer ho Sigvart seia.
Å, du er nå vel såpass til karfolk at du klarer å
kjøre med ein liten ein innabords?
Nei takk. Eg er ikkje så huga på det sterke at det gjer
noko, eg. Og hvis vi skal gjera ei avtale, er det best å vera
edru, syns du ikkje det?
Dagny godtar seg – han iretteset Bendik! Ho har framleis ikkje
fått summa seg til å ta fatt på arbeidet att, men
nå reiser ho seg uvillig, blodet kan ikkje vente lenger. Men
først tek ho ein snu bortom vaskestellet i hjørnet bak
kjøkendøra, slår vatn i fatet,bløyter
kluten som heng der, dreg han over det grøne såpestykket,
vaskar ansiktet med korte, harde rørsler før ho løftar
opp skjørtet og tørkar av seg stanken av Bendik som
best ho kan. Etterpå vaskar ho seg grundig på hendene.
Ho tør nesten ikkje sjå inn i den vesle spegelen som
Tora har hengt opp på veggen, kastar berre eit raskt blikk dit
og konstaterer at den mørkeraude strima på kjaken i alle
fall er borte.
Ho får opp tvara frå bloddjupet, tørkar av skaftet
og rører med kraftige, jamne tak. Rører og rører
medan ho lyer etter stemma til Sigvart der inne i stua. Men det er
berre ei svak mumling der nå.
Da dei kjem ut att til henne, passar ho på å stå
med ryggen til. Men ho kjenner augo til Sigvart på seg idet
han går forbi, høyrer dei lette stega hans bak seg, dei
stoppar nesten – ein augneblink er ho sikker på at han vil
seia henne noko, ho kjenner hjartet sitt utanpå, rører
og rører, den raude massa går i ring nede i karet,
Bendik tek på seg støvlane, at to karfolk kan vera så
ulike, den eine så stygg og møkkete og hesleg, den andre
rein og pen , mjuk i stemma og…………………
Så. Da får vi ta ein tur i fjøset, da, seier
Bendik. - Så får du sjå med eigne augo kva som
finst der. Det er nå ikkje så mykje, berre nokre gamle
børser og eit par-tre våpen karane på Røyse
la att her. Fekk dei utdelt ved mobiliseringa, trur eg. Vi tenkte
det var best å samle alt på ein plass, i tilfelle det
vart bruk for dei.
Sigvart svarar ikkje, han er alt ute i gangen, på veg ut.
Bendik går etter, døra slår i. Plutseleg er
ansiktet til Sigvart utanfor kjøkenglaset. Ho ser rett inn i
det, han smiler litt, jøss, så pen han er! To sekund.
Så er han borte. Bendik stryk forbi der ute, klumpete, grov og
uflidd, han set den møkkete snipplua på hovudet medan
han stabbar etter Sigvart nedover mot fjøset.
Og borte blir dei, ei god stund. Dagny går ukonsentrert til og
frå med arbeidet, gjer seg ærend bortom glaset rett som
det er. Bilen står ute i garden enno. Ikkje at ho innbiller
seg noko. Han er altfor fin for henne. Dessutan er ho utskjemd.
Kan ikkje vente seg noko av skikkelege mannfolk, ho, det er berre å
slå frå seg slikt.
Klokka tikkar på veggen, snart må ho i gang med middagen.
Det blir fersk blodklubb i dag, det er så greitt med det.
Sigvart kjem ut att frå fjøset. Einsleg. Dagny står
gøymd bak gardina og følgjer han med augo der han går
opp mot bilen med raske steg. Forundra ser ho at han er sint og
oppskaka. Ja, han Bendik får det til, han kan erte på seg
ein stein om så er. Eg håpar du gav han inn, kviskrar ho
uti lufta. Sigvart rettar på slipset, det svarte håret er
i uorden, han dreg handa fort gjennom det, okslar seg, stoppar ved
bilen og er på tur til å opne døra da han
plutseleg stoppar. Tenkjer seg om, ser tvilrådig mot
kjøkenglaset, og med eitt er han på veg inn i svala. Ho
gjer seg travel med å leggje i omnen. Sit på huk og
blæs på glørne da klinka går ned og døra
blir opna bak henne.
Du skal vera med meg du, nå, kjem det stuttpusta frå
han borte ved døropninga.
Berre pakk det aller nødvendigaste, så……..
Hæh?
Måpande reiser ho seg og snur seg mot han. Ho må ha
høyrt feil.
Vera med deg - pakke? Kva i alle dagar er det du meiner?
Akkurat det eg seier. Skund deg, eg……………
Du er ikkje lite frekk! Kva i alle dagar er det som får deg
til å tru at eg vil bli med deg? Og kva trur du Bendik vil
seia? Herregud, eg er midt i eit arbeid her, eg kan ikkje berre
fordufte, eg er tenestetaus, for søttan!
Som ved eit trylleslag er han heilt inntil henne, triv henne i armen,
dreg henne mot seg. Augo deira møtest, som hypnotisert ser ho
inn i eit blikk som både ber, insisterer, fortviler og
forlangar på ein gong.
Vær så snill………………….kva heiter du,
forresten?
Dagny, glepp det ut av henne.
Dagny, høyr på meg. Eg såg kva han Bendik gjorde
med deg. Og nå har eg……….
Å nei. Ansiktet hennar skrukkar seg av skam, ho vil rive armen
til seg, flytja seg unna blikket hans, men han held henne fast.
Eg såg det gjennom glaset da eg kom. Eg høyrde du
skreik. Det skriket, det………Du skal vera med meg burt frå
her, ingen skal måtta finne seg i slikt. Eg kan køyre
deg heim til kor du nå kjem frå………kor kjem du frå?
Steinkjer.
Ordet kjem som eit medvetslaust gulp ut av munnen hennar, sjokkert
stirer ho på han med tømt blikk, men tvers gjennom
fornedringa kjenner ho kreftene som strøymer frå han,
ein slags energi som fangar henne inn, eit sinne som set ting på
plass; fjernar skamma frå henne og legg ho over på
Bendik.
Dagny, det er ikkje di skuld. Du har ikkje gjort noko gale. Men du
må bli med meg, for…………………altså, eg er
redd eg vart for hardhendt med han Bendik, han ligg nedi fjøset,
eg veit ikkje om………
Hardhendt? Korleis hardhendt?
Kan du ikkje berre bli med - så skal eg forklare alt saman?
Vi kan ikkje vera her, korkje du eller eg, det kan koma folk hit,
eg…………….
Kjem nesten aldri folk hit, seier Dagny sløvt. - Men Bendik
kjem til å……….
Den djevelen kjem ikkje til noko som helst på ei lang, lang
stund, seier han hardt.
Kan du ikkje berre lite på meg og bli med? Ta av deg
forkledet nå, og så går du og pakkar sakene dine,
så ventar eg på deg her.
Han set seg på ein krakk ved bordet, kastar raske blikk ut
gjennom glaset, finn fram ein sigarett, bankar tuppen av han lett mot
bordplata, strekkjer seg over mot omnen og dreg av ein fyrstikk.
Tenner og tek eit djupt drag. Røyken står
som ei sky rundt han. Det luktar godt. Ordentleg tobakk. Nervøst
ser han på henne der ho framleis står handfallen midt på
golvet. Ingen av dei seier noko, det går nokre ævelange
sekund. Med eitt reiser han seg og kjem bort til henne att.
Nå går eg ut i bilen. Eg ventar i ti minutt. Kjem du
ikkje, må eg berre reise, og vil du melde meg til politiet for
det eg har gjort han Bendik, må du berre det om du finn det
best. Eg klarer meg nok. Men eg vil du skal veta at eg gjer dette
utan baktankar, du kan stole på meg, eg vil berre ha deg bort
frå her, heim til familien din, eller ein annan stad, om du
heller vil det, du kan bli med meg til Trondheim, så skaffar
eg deg jobb der, men vi må skunde oss. ***, eg blir
skitnervøs av å vera her, eg……………….
Men eg kan ikkje heim - kva vil folk tru? Reise frå tenesta
slik, koma heim att som ein annan stakkar, utan pengar og…………….
og Trondheim? Det er nå vel ikkje berre å knipse med
fingrane, så dukkar det opp ein jobb utav lause lufta. Du veit
ikkje korleis det er, du, det…………
Jau, Dagny. Det er det eg gjer. Vel, ikkje akkurat korleis det er
å bli utsett for det Bendik gjorde mot deg, men eg veit
korleis det er å vera fattig, bli trakka på, vera
avhengig av skitstøvlane som aular og krek over alt. Og
dersom du vil, kan eg snakke med foreldra dine, forklare dei…………
Nei, det må du ikkje!
Det blir alltid ei råd, i alle fall. Så, nå går
eg ut, så kjem du innan ti minutt. Hvis ikkje, reiser eg.
Greit?
Ho nikkar stumt.
Da han læt att døra etter seg, blir det så stilt
og einsamt der inne i kjøkenvarmen at ho nesten vil kjøvast
av det. Ti minutt. Ho har ti minutt. Det er fyrste gongen ho
verkeleg kan gjera noko frå eller til for sin eigen lagnad, og
ho har berre desse minutta på seg. Ho ser på klokka på
veggen. Visarane krek seg rytmisk gjennom runden sin på
urskiva, teller ned. Nå, Dagny, seier dei, nå eller
aldri. Bli her og ta det som kjem, eller kom deg ut døra og la
han redde deg, kan det vera så vanskeleg? Ingen ting kan bli
verre enn det som har vore, tenk på smertene, stanken, skamma,
slitet, søvnen du aldri får ha i fred……………….
Ho tverrsnur og spring ut av kjøkenet og opp den kalde trappa
til andre høgda, riv opp døra til rommet sitt, finn
reiseveska under senga, dreg ut kommodeskuffene og kastar kleda oppi,
hugsar penskorne som står borte ved vaskestellet, hårbørsta,
den vesle håndspegelen, leppestifta ho kjøpte og aldri
har fått bruk for, dagboka i skuffen på det vesle bordet,
biletet av foreldra og søskena som heng over senga…………………det
er alt. Og så kåpa og skjerfet bak døra. Slik. Nå
er ho klar. Berre han ikkje har reist! Berre ikkje Bendik kjem!
Kjære Gud, la meg koma meg her ifrå, vær så
snill……………………….
Sigvart står ved bilen, slepper ein sigarettstump på
bakken og knøvlar den med skotuppen, løftar hovudet og
ser mot svala ein siste gong. Han opnar bildøra og skal til å
setja seg inn da Dagny kjem ut på dørhella. Ho er
andpusten, ein lokk av det ljose håret har slite seg laus frå
den stramme strikken i nakken, augo har fått liv og huda farge,
den blå kåpa som får henne til å likne ei
bydame. Ho er så vakker. Det er noko med henne som treffer han
midt i hjartet, vekkjer noko mjukt i han. Biletet av minstebroren,
Even, kjem for han med eitt. Han har han ikkje ofra ein tanke på
lang, lang tid. Sigvart har vendt seg til å vera hard, snekra
saman eit slags panser rundt seg. Fattigkasse, audmjukingar, hån
og spott frå folk som trudde seg bedre enn han, har gjort han
hard og huga på hemn. Nå kjenner han at trassen og
sinnet må flytja seg unna og gje plass til noko anna. Det
kjennest så bra, han blir beint fram litt lukkeleg av det. Det
er nå merkeleg au, rekk han å tenkje medan ho kjem mot
han; krigen har kome med alle slags goder til han. Arbeid, pengar,
husvære, bil, klede og mat. Og nå Dagny. Han ler mot
henne, kjenner seg så lett, og jammen fer det ein rask smil
over andletet hennar au.
Du kom! Nei, nå vart eg glad! Kom med panket ditt, så
tek vi det bak.
Det er berre denne veska, eg kan ta ho på fanget.
Nei da, kom med ho nå. Kan skjøne du skal sleppe å
sitja nedlessa heile vegen til Steinkjer.
Eg veit ikkje om eg vil heim. Eller……………….eg vil, men
eg trur ikkje eg kan. Far er arbeidslaus, og mor er sjuk, og så
er det dei to småsøstrene mine. Eg kan ikkje leggje
meg innpå dei. Og det var far som skaffa meg arbeid her, han
kjem til å bli så sint, at. Han er kommunist, så
det kosta han nok ein del å be for dotter si hjå ein
bondefan, som han kallar dei.
Og det har han jaggu rett i. Nei da, det ordnar seg nok, skal du
sjå. Du skal få pengar av meg, så blir han nok så
blid, at. Kor mykje har du tent i månaden på å gå
i den helvetesheita her?
Tjue kroner. Og så kosten og losjiet, da.
Så får du førti av meg, for kvar månad som
er att til flytjardagen.
Det kan eg da ikkje ta imot, kan du skjøne.
Jau, det kan du. Du veit kva dei seier; den ein reddar, har ein
ansvar for.
Han held oppe døra på passasjersida for henne, ein
augneblink møtest augo deira idet ho skal setja seg inn. Dei
smiler, båe to. Dagny kjenner seg plutseleg heilt trygg. Alt
kjem til å gå bra, ho kostar på seg å kaste
eit raskt blikk attende mot det store, tunge våningshuset. Hit
skal ho aldri meir.
Dei duvar av stad på trønderske vegar. Det er varmt og
godt i bilen, og motoren gjev frå seg ein søvndyssande,
jamn lyd. Ikkje som andre køyredoningar Dagny har sett, som
harkar og hostar og berre så vidt krek seg fram. Det byrjar å
skymmest, og landskapet ser ihelfrose ut – dei store, kuvne,
kornåkrane med rimete, avkappa strå, lauvet som ligg som
oransjeraude teppe under nakne tre i kanten av beitemarka, røyken
frå huspipene, eitt og anna menneske på veg til fjøs
eller låve på rolege tun, og innimellom, når vegen
buktar seg heilt ut på kanten av fastlandet, tarmar av fjorden
som dissar mjukt mot fjøresteinane.
Dei småpratar om både det eine og det andre. Sigvart legg
ut om korleis det er i Trondheim; kafeane, kinoane, livet på
hamna og jernbanen, merkelege folk og artige episoder. Han er ein
framifrå forteljar, ho må le høgt eit par gonger.
Jøss, du er enda penare når du ler, seier han da.
Og du er artig å høyre på. Fortel meir, da. Har
ikkje vore i Trondheim, eg.
Dei har køyrt ein times tid da dei blir stoppa av ei tysk
patrulje.
Sjå der ja, den tyske grundigheita er ute og rir kjepphestane
sine, seier Sigvart.
Sikkert mykje å pirke på for dei her uti huttiheita, så
mykje trafikk som det er her, ler han mot henne medan han svingar
inn.
Ein uniformert, ung mann helsar venleg Gute Abend og spør om å
få sjå legimitasjon. Sigvart slår på
kupeljoset, strekkjer seg over mot Dagny, streifar henne så
vidt med armen, leitar fram ei mappe frå eit lite rom framfor
henne som han opnar med å trykkje inn ein blank knapp. Tyskaren
står tolmodig og ventar medan Sigvart brettar ut papira. Dagny
ser det eine er ein slags kjøresetel og det andre
eit………….grensebuarbevis – er det det det står? Men
Sigvart bur da vel ikkje ved grensa? Det siste brettar han saman og
legg inn i hanskerommet att, og gjev tyskaren kjøresetelen
saman med eit kort med bilete og personopplysningar han tek opp frå
jakkelomma. Forundra ser ho at det står eit heilt anna namn
enn Sigvart der. Bjarne. Etternamnet ser ho ikkje, eitt eller anna
på B. Har han halde henne for narr likevel? Plutseleg er ho
uroleg. Augo hennar er som nagla fast til det vesle kortet. Kva er
det det står elles der? Det har eit rart stempel ho ikkje har
sett før, men ho rekk ikkje å sjå meir før
tyskaren tek papira, ser raskt på dei, kastar eit blikk på
Sigvart og gjev dei tilbake.
Å, nei. Ho er så uvant med å reise at ho har
gløymt å ta med seg papira sine. Dei ligg att i den
minste skuffen i kommoden hennar på Glenne. Storøygd og
hjelpelaus ser ho frå Sigvart til tyskaren.
Dagny blir sitjande og kope, ser frå den
eine til den andre. Soldaten smiler,
blunkar sjelmsk til Sigvart, klappar lett på taket av bilen og
går eit steg unna medan han vinkar dei av stad.
Dagny ser skeptisk på Sigvart.
Han rullar opp vindauget, tøyer seg over og legg papira på
plass, er heilt inntil henne, ho kjenner den gode lukta av han, ei
blanding av tobakk og ei slags parfyme. Staffasje, tenkjer ho. For
å få dumme meg på kroken. At det går an å
bli så toskete - innbille seg at det eine karfolket er bedre
enn det andre!
Og du heiter ikkje Sigvart! seier ho sint. - Det var ikkje det som
stod på kortet ditt! ***, eg burde skjønt at du narra
meg.
Så, så. Eg har ikkje narra deg. Tyskaren derimot, måtte
eg lure litt. Elles hadde vi vorte ståande her ei god stund.
Eg har ei slik stilling at eg må narre både tyskarar og
nordmenn innimellom. Det er nokså innvikla, men kort fortalt
så er eg med i ein organisasjon som skal prøve
å………….vel, minimalisere skadane av den tyske
okkupasjonen. Og ja, eg kan tysk. Er nyttig det, ser du, om ein
skal sno seg gjennom denne krigen utan å gå heilt på
trynet.
Han høyrest overtydande ut, ho prøver å slappe
av, finne att tryggleiken ho har kjent saman med han. Stemma hans er
roleg, ikkje eit snev av irritasjon fordi ho har vore framfus og
nesten skulda han for å vera uærleg. Men likevel………………ho
har fått så evindeleg nok av at folk fører henne
bak ljoset, utnyttar henne, gjev henne heilt andre ting enn det ho
har bede om eller forventa, ho har eit hat og eit sinne i seg mot
alle som trur ho er dum og godtruande berre fordi ho er jente og
fattig og…………….
Han får i gang bilen att. Dagny sit og stirer rett fram,
kjakane er samanbitne og stramme. Sigvart ser på henne
innimellom, seier ikkje meir. Ventar. Da dei kjører innover
mot ein tettstad ho ikkje veit namet på – klynger av mørke
hus som ikkje slepper ut så mykje som ei ljosstrime gjennom dei
blenda glasrutene – snur ho seg mot han:
Kva heiter du, eigentleg? Og kven arbeider du for?
Det med namn, det………………..det er nokså stor risiko
med det eg driv med, så eg arbeider i det skjulte, er eg
uheldig eller uforsiktig, kan eg bli arrestert, eller andre i
organisasjonen kan koma til å plapre om kva vi gjer og kven
som er med der. Så vi har dekknamn, alle saman – ikkje berre
eitt, men radt fleire, etter som kva oppdrag vi er ute på.
Korkje Sigvart eller Bjarne er rette namnet mitt.
Plutseleg bremsar han ned, dei er ute av tettstaden, han svingar inn
ein liten sideveg, stoppar bilen og sløkkjer lyktene. Ein
augneblenk sit dei i stummande mørker, før han slår
på kupeljoset. Dagny ser uroleg på han. Han tek opp
sigarettpakka og fyrtøyet, spør om ho vil ha, nølande
tek ho ein sigarett og lar han tenne den for henne. Ho har ikkje
røykt på aldri så lenge, hostar, han smiler bak
fyrstikkflammen:
Uvant?
Uff, ja. Har ikkje sett snurten av ein sigarett, eg, sidan eg kom
til Glenne. Korleis får du tak i ordentleg tobakk? Er ikkje
det mangelvare?
Fylgjer med jobben.
Han sløkkjer fyrstikka med å riste fort på ho, tek
eit djupt drag av sigaretten, stryk seg over håret. Han har
pene hender. Kraftige, velstelte, med lange fingrar.
Du, Dagny…………………………….er du i stand til å
lite på meg, trur du? Eg forstår at det ikkje er lett,
med tanke på kva du har vore utsett for, og bonden på
Glenne er sikkert ikkje den første som har trakka på
deg på ein eller annan måte, sjøl om det han
gjorde, var verst. Eg kjenner storfolka, ser du, ut og inn, det
gjeld både bønder, lensmenn, prestar og andre av det
såkalla borgarskapet, lærarar, ikkje minst. Eg har hatt
lærarar som har vore så infame at du ikkje vil tru det.
Men du er storfolk sjøl, du, dristar ho seg til å seia.
- Ingen har så fin bil som du, eller så fine klede.
Du LUKTAR storfolk til og med, meir enn alle lærarar og
prestar og bønder til saman.. Så kvifor skal eg stole
på deg, meir enn dei andre?
Luktar eg storfolk?
Ja, det luktar så godt og reint av deg. Og parfyme av noko
slag.
Ho kjenner ho blir raud i andletet, angrar orda med det same dei har
sluppe ut.
Ho ser stivt rett framfor seg, sigaretten dirrar mellom fingrane
hennar, det dett oske på kåpetyet, febrilsk børstar
ho det av. ***. Sint på seg sjøl stumpar ho røyken
i den vesle, firkanta koppen mellom bilseta.
Handa hans streifar så vidt hennar der den er på tur ned
i oskebegeret idet ho trekkjer til seg si. Ho tenkjer seg om. Han
er ein raring. Hoppar frå det eine til det andre når han
pratar. Om ho hadde mykje pengar?
eg gått på kafe og kjøpt
krembolle og sjokolade. For det har eg gjort berre ein gong i
heile mitt liv.
Nettopp. Det var det eg gjorde, da eg kom til pengar. Vaska av meg
fattigmannslukta, gjekk på kafe som eit anna sivilisert
menneske, kjøpte meg gode klede som korkje var for store
eller for små, og så fekk eg meg finare bil enn
storfolka har – berre for å kjenne meg fri frå dei,
liksom. Skjønar du?
Ja, eg trur det. Men korleis kan du ha så mykje pengar? Kven
arbeider du for?
Mest for meg sjølv. Eg utnyttar dei høva som krigen
gjev til å……………………….
Nølande teier han, tek fram ein ny sigarett, ho ristar på
hovudet da han byr henne ein til.
Til kva da?
Til å ta att med alle dei som har gjort meg urett ein eller
annan gong. Storfolk, for det meste. Og så eit par
smådjevlar som lagde *** for meg da eg var gutunge, dei
skal eg nok få has på, før eller sidan. Og det
likaste er at eg tener pengar på det.
Men korleis? Eg forstår ikkje at krigen kan gjera det mogleg
for deg å………………..mange av storfolka er nazistar,
er dei ikkje? Det seier far, i alle fall. Er du med i noko slags
motstandsgruppe da, eller?
På ein måte, på ein annan måte ikkje. Og
far din tek feil. Dei fleste storfolka, i alle fall her i Trøndelag,
er gode nordmenn, som ein eller annan gluping har funne på å
kalle dei. Lærarar, prestar, legar,
kontoristane,storbøndene…………..og så er det
kommunistane, sjølsagt. Men dei arbeider nå meir for
bolsjevikane enn for kongen og Londonregjeringa. Er han
motstandsmann, far din?
Han er mot nazistane, ja. Men han er mot regjeringa au. Snakkar om
at russerane kjem til å redde Europa og innføre
proletariatets diktatur. I mellomtida er han arbeidsledig fordi
han nekta å jobbe for tyskarane. Dumt, tykkjer nå eg,
når mor er sjuk og småsøstrene må gå
utan både skikkelege klede og mat.
Ja, ikkje sant? Arbeid er arbeid, og pengar er pengar.
Men pengane dine……………………eg skjønar framleis
ikkje korleis du kan ha så god råd når du ikkje
akkurat er fødd med sølvskei i munnen, som du seier.
Veit ikkje om ein einaste fattigfaen, eg, som har klart å koma
seg ut av elendet.
Kan EG stole på DEG, Dagny?
Ja, det trur eg da? Kvifor skulle du ikkje det?
Du kunne for eksempel gå til politiet og melde meg fordi eg
slo forderva han Bendik?
Nei, ikkje tale om. Det bestemde eg meg for da eg pakka tinga mine
og reiste frå Glenne. Men han kjem kanskje til å gjera
det sjøl. Og setja ut rykte om at EG er upåliteleg, så
ingen vil ha meg i teneste.
Trur ikkje det. Skal han melde meg, må han forklare KVIFOR eg
dengde han, og det kjem han nok ikkje så vel ifrå. Og
eg skal nok sørgje for at du får jobb, eg har mektigare
vener enn det Glennebonden har.
Ho merkar at han ser på henne, sigarettgloa er raudglødande
i mørkret, han har opna vindauget på gløtt for å
sleppe ut røyken. Det kjem ein mild vind inn i kupeen, den
luktar hav og salt. Så blir det veromslag, tenkjer ho
adspredt.
Tenk deg, seier han og kastar gloa ut før han sveivar opp att
ruta, - tenk deg at du fekk høve til å hemne deg på
han Bendik. Eller ta rotta på alle mannfolk som er like
simple som han. For det kan eg seia deg, han er ikkje den einaste
som utnyttar kvinnfolk. Eg veit om ein i Trondheim som………………nei,
skit i det, berre tenk på kva du ville gjort om du fekk høve
til å ta han Bendik.
Ta han – korleis da? Korleis skal eg klare å ta ein branne
som er tre gonger så tung som meg og med nevar som ser ut som
steikepanner?
Tenk. Det første som fell deg inn, kva er det?
Ho blir sitjande taus ei stund. Så kjem det stille, og ho kan
eigentleg ikkje begripe at ho tør å nemne det:
stein. Eller noko anna tungt, kva som
helst, berre det knuser det heslege ansiktet hans.
Ho dreg pusten djupt.
Plutseleg hikstar ho, ho sit rett opp og ned, hendene ligg knytte i
fanget, og frå djupt inne i kroppen kjem det ein jammer ho
ikkje klarer å stoppe.
Han bøyer seg over mot henne, tek varsamt rundt dei ristande
okslene og trekkjer henne mot seg så ho kan gøyme seg
mot bringa hans. Med rolege rørsler stryk han henne over
håret.
Hendene stryk og stryk, dei mørke augo ser blindt ut i natta
utanfor bilen, han dreg pusten djupt ned i magen.
Han ruggar henne. Dei tunge hulka går over i roleg gråt,
han kjenner det er vått mot skjortetyet. Ho legg frå seg
smerta si mot hjartet mitt, tenkjer han.
Slik sit dei, heilt til dei merkar kor kaldt det er blitt i bilen og
Dagny set seg opp, forlegen. Ho snufsar, finn eit lommetørkle
i kåpelomma, ser ikkje på han, restane av gråten
går som ei båre gjennom henne.
Unnskyld, vanlegvis så er eg ikkje så stakkarsleg, det
var ikkje meininga å plage deg med………………….***,
eg veit ikkje kva som gjekk av meg, eg. Kan vi kjøre nå?
Ja, vi skal kjøre. Og få på lite varme her. Og
så skal vi ta inn på eit pensjonat eg veit om ikkje så
langt her ifrå, og i morgon skal vi finne ein kafe som har
krembollar og sjokolade. Kva seier du til det? Vi når ikkje
Steinkjer i kveld uansett.
Ta inn på pensjonat? Vi kan da ikkje………..
Jau, det kan vi. Vi kan gjera akkurat som vi vil, vi to.
Ja, men det tek seg ikkje ut å………..
Vi skal sova i kvart vårt rom da, skjønar du vel.
Tullejente.
Ho ler. Det blenkjer i augnevippene hennar, og alt håret har
slite seg laus frå fangenskapet i den stramme strikken. Han
rekkjer fram handa og stryk bort væta på kinnet. På
ein impuls grip ho tak i handleddet hans, held fast.
Du redda meg, du, seier ho.
Og du har redda meg, trur eg.
Har EG redda DEG?
Ja, det har du. Men eg er ikkje heilt sikker på kva du har
redda meg frå.
På ettermiddagen neste dag nærmar dei seg Steinkjer.
Begge sit tause og tenkjer på sitt.
Dagny mest på kva ho skal seia til foreldra, bekymra prøver
ho å finne orda ho skal bruke for at dei skal forstå
kvifor ho har slutta i tenesta på Glenne, og ikkje laste henne
altfor mykje. Men innimellom flyg ein smil over andletet, det er når
ho tenkjer attende på den gode senga ho har sove i, med reine
sengeklede som lukta såpe og frisk luft, timar med ottelaus
sømn, da Sigvart endeleg fekk seg til å kakke på
døra hennar, var det langt utpå formiddagen. Og dei
fann dei ein kafe, ikkje med krembollar, men med himmelske wienerbrød
og varm sjokolade. Det krydde av tyskarar der, men merkeleg nok fekk
dei sitja i fred.
Kor lenge er det sidan du var heime? spør han plutseleg.
Ikkje sidan april. Eg reiste til Glenne sist i månaden.
Du veit at Steinkjer vart bomba?
Ja, Bendik sa det. Og eg fekk brev frå mor, så eg skulle
veta at det var bra med dei. Korleis da?